To nye kontrakter for Saga Fjordbase
Saga Fjordbase signerer ny kontrakt med Capricorn Norge og forlengjer kontrakten med Shell.
All aktivitet frå Florø
I ei pressemelding skriv Saga Fjordbase at dei har vunne kontrakt med Capricorn Norge AS for leiteboring våren 2020. All aktivitet i samband med leiteboringa på Duncan-prospektet vil med dette gå frå Florø. Duncan-prospektet ligg i Nordsjøen, sør for Florø og vest for Nova. Riggen som er vald til leiteboringa er Island Innovator og boringa vil gå føre seg over 40 til 60 dagar.
Vi er stolte av at Capricorn Norge velger Fjord Base og Florø som lokasjon for leteboringen på Duncan. Dette kunne ikke vært mulig uten de ansatte som hver dag kommer til Fjord Base for å begeistre med sikker og effektiv logistikk
-Administrerende direktør Erlend Toftesund
Brønnen er operert av Capricorn Norge AS og partnarar er Edison Norge AS og Petoro AS. Capricorn Norge er eit dotterselskap av Cairn Energy PLC.
Administrerende direktør i Saga Fjordbase AS Erlend Toftesund
Nye år med Shell
A/S Norske Shell har bestemt seg for å utvide kontrakten med Saga Fjordbase for leveranse av totale logisikkløysingar og lagerhald. Kontrakten gjeld for 2 år, med opsjonsmoglegheiter på 4x1 år. Norske Shell opererer Knarrfeltet frå Florø. Knarrfeltet ligg i den nordlege delen av Nordsjøen, 50 kilometer nordaust for Snorre.
I ei pressemelding skriv Saga Fjordbase at kontrakta gjev dei fornya tillit til å vere ein del av logistikkorganisasjonen til Shell dei komande åra. Utvidinga av kontrakten inneber at dei også i tida framover vil yte tenester knytt til førebuing av Shell sine kommande borekampanjer, i tillegg til forsyning og etterkvart oppgåver relatert til nedstengning av Knarrfeltet.
Vi takker for tillitten og ser frem til å fortsatt utvikle og levere en logistikk som begeistrer gjennom siker og effektiv drift.
- Administrerende direktør Erlend Toftesund
Saga Fjordbase AS