Kinn Kommune signerer med Hub for Ocean

 

Kinn Kommune har inngått ein partnarskapsavtale med Hub for Ocean/Ocean Hyway Cluster. Avtalen skal fokusere på berekraftig næringsutvikling i maritim sektor. Dette er havrelaterte næringar som verftsindustri, havbruk og petroleumsindustrien og deira leverandørindustri. Her skal vi rette spesiell merksemd på hydrogen og moglegheiter for ny forretningsutvikling og nye forretningsmodellar som skaper næringsutvikling i Kinn kommune.


Kinn kommune går “all inn”. Det betyr at dei går ut av medlemskap i andre selskap for å satse fullt og heilt på Hub for Ocean.

Vi ser at vi er betre tent med å legge egga våre i ei korg for å bli betre på det miljøretta arbeidet kommunen deltek i. Her får vi kompetansepåfyll i vårt planarbeid, men kanskje viktigaste av alt at vi saman med etablert næringsliv kan skape samfunnsgevinstar innan nullutsleppsløysingar. Kinn kommune skal vere av dei beste på dette området og samtidig styrke det lokale næringslivet, seier Ola Teigen, ordførar i Kinn kommune

 
Frå venstre: Dagleg leiar i HFO Stein Kvalsund og prosjektleiar Kristin Svardal. Til høgre leiar i Plan- miljø og næringsutvalet Jacob Nødseth og ordførar i Kinn Ola Teigen. Foto: Dag Frøyen

Frå venstre: Dagleg leiar i HFO Stein Kvalsund og prosjektleiar Kristin Svardal. Til høgre leiar i Plan- miljø og næringsutvalet Jacob Nødseth og ordførar i Kinn Ola Teigen. Foto: Dag Frøyen

 

Set pris på avtalen

Daglig leiar i Hub for Ocean, Stein Kvalsund, fortel dei gjennom den nasjonale hydrogensatsinga Ocean Hyway Cluster har etablert eit stort nasjonalt og internasjonalt nettverk og ei variert prosjektportefølje.

Fleire lokale bedrifter er allereie med i prosjekt i regi av både Hub for Ocean og hydrogenklynga Ocean Hyway Cluster. Med den sterke maritime forankringa Kinn kommune har, er det mange utviklingsmoglegheiter. Så vi set stor pris på at Kinn kommune no ser verdien i arbeidet vårt med å bidra til eit meir berekraftig næringsgrunnlag for regionen vår, fortsetter Kvalsund

Rammeverk for avtalen

Målet med avtalen er å bidra til næringsmessig omstilling og utvikling av eit breiare grønt næringsgrunnlag i Kinn og på kysten generelt. I dette ligg profilering og nettverksbygging med mål om å skape fleire arbeidsplassar i regionen.

Hub for Ocean/Ocean Hyway Cluster representerer og skal ta i vare på Kinn kommune sitt engasjement og partnarskap i «Grønt Skipsfartsprogram» og i NTNU programmet NTRANS. Vi vil også fremme Kinn kommune sine interesser innan berekraftig næringsutvikling i maritim sektor overfor Vestland fylkeskommune. Det betyr også realisering av Grøn Region Vestland som er oppfølging av Vestlandsscenario 2030. I avtalen ligg ei føresetnad av at Kinn kommune støtter opp med personar/ressursar for arbeidet vi skal utføre.

Vi i Hub for Ocean/Ocean Hyway Cluster set pris på tilliten Kinn Kommune har til oss, og ser fram til samarbeidet!


Spørsmål?

Spørsmål eller kommentarar til saka? Ta gjerne kontakt

 
IMG_7441.jpg

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik@hubforocean.no

 
 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Fjord Base får 4,3 millionar i støtte til landstraum

Neste
Neste

Dimeq AS - Vi gløymer aldri røttene våre