Dimeq AS - Vi gløymer aldri røttene våre

 

Hub for Ocean har gleda av å ønskje Dimeq AS velkommen som nytt medlem. Dimeq AS utviklar og leverer sikringsutstyr innan den maritime sektoren for å lokalisere personell om bord på skip og plattformar. Dei held til i Iglandsvika i Bremanger. Grunnleggarane, Ronny Bakke og Audun Viktor Bakke, har lang erfaring innan maritim- og offshore industri.

Ronny Bakke, dagleg leiar i Dimeq AS

Ronny Bakke, dagleg leiar i Dimeq AS

Kva håper de å få ut av medlemskapet i Hub for Ocean?

Vi håper at medlemskapet i Hub for Ocean skal føre til eksponering til potensielle kundar og gi oss nye nettverkskontaktar, seier Ronny Bakke, dagleg leiar i Dimeq AS.

Vil redde liv på sjøen

Kva var bakgrunnen for at de starta Dimeq AS?

- Bakgrunnen for oppstarten var ein tanke om at vi vil finne ei løysing som redder liv på sjøen samtidig som vi løyser dei store digitaliseringsutfordringane den maritime næringa står ovanfor, fortsett Bakke.

Dimeq har utvikla eit reeltid posisjoneringssystem til å detektere og lokalisere mannskap som detter over bord eller er i en nødsituasjon. Teknologien er bygd inn i eit armband som mannskapet har på seg døgnet rundt, og kommuniserer med server og sensorer som blir installert rundt båten. Systemet viser berre posisjon i reeltid når det er nødsituasjon.

Spennande prosjekt på gang

Når vi spør Ronny om dei har nokre prosjekt på gang har han masse å fortelje.

“Dimeq AS og PGS har inngått eit innovasjonsprosjekt, som starta September 2020. Vi er i ferd med å gjøre produktet ferdig og skal starte installering og testing ombord eit Titan klasse fartøy hos PGS. For å sikre at systemet fungerer 100% og mulighet til å gjere små justeringer, kan testtida være noko lenger enn planlagt. Produktet klart for markedet i slutten av 2021, og seinest første kvartal 2022.

Vi er også i gang med søknaden til å starte eit nytt og spennande prosjekt, «Nødstopp og varsling for økt sikkerhet i kystfiskeflåten til einmannsbåter». Dette prosjektet er finansiert av Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfinansiering (FHF). Hovedredningssentralen (HRS), Telenor Kystradio, Redningsselskapet og Sintef er involvert i dette prosjektet. Formålet er å utarbeide anbefalingar til ein standardisert løsning for nødstopp og varsling til nødetat i kystfiskeflåten.

I tillegg til dette jobber vi kontinuerleg med å utvikle nye produkter opp mot oppdrettsnæringa, og auke sikkerheten på servicebåter.”

Etter oppstarten i 2016 har Dimeq AS hatt ei spennande utvikling. Kva tankar har de for framtida?

- Som eg liker å sei, vi berre varmar opp. Vi tar sikte på å vere ein kritisk del av heile den maritime digitaliseringsprosessen, ikkje berre i Norge, vår heim, men også internasjonalt. Vi har nøkkelteknologien som vil muliggjøre prosessen mot ein større digital bevegelse i den maritime industrien. Vi gløymer aldri røttene våre, og jobber for å holde fiskarane våre trygge!, avsluttar Bakke med.


Spørsmål?

Spørsmål eller kommentarar til saka? Ta gjerne kontakt

 
1S0A0701.jpg

Maria Brandsøy

Business Developer
Hub for Ocean
maria@hubforocean.no
Tlf.: 905 23 543

 
 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kinn Kommune signerer med Hub for Ocean

Neste
Neste

Florø Hamn vil vere utstyrt med verdas første Supercharger for båtar