Hydrogenutdanning: Vi treng hjelpa di!

Hub for Ocean skal kartlegge marknaden sitt behov for hydrogenutdanning - og treng hjelpa di!


Høgskulen på Vestlandet HVL starta hausten 2019 det nye faget Hydrogenteknologi. Faget har blitt svært populært. HVL skal no utvide tilbodet og vil utvikle etter- og vidareutdanning med fokus på hydrogen. Kva skal innhaldet i dei nye tilboda vere?


Innspela dine er viktige

Hydrogenklynga til Hub for Ocean, Ocean Hyway Cluster, kartlegg no marknaden sine behov på vegne av HVL - og vil gjerne ha dine innspel!

 

Det er fint om du kan bruke eit par minutt på å svare på denne undersøkinga innan fredag 20. november kl. 16:00. Svaret ditt vil bli anonymisert og skal inngå som del av HVL sitt grunnlag for å utvikle nye kurs og utdanningstilbod.

Spreie gjerne ordet!

HVL tilbyr hydrogenutdanning. Foto: Bo Mathisen

HVL tilbyr hydrogenutdanning. Foto: Bo Mathisen

 

Spørsmål?

Ta gjerne kontakt.

 
Siri Odijk Solbakken.jpg

Siri Odijk Solbakken

kommunikasjonsrådgjevar
Hub for Ocean

siri@hubforocean.no
Tlf.: 977 53 065

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Toppmøte om hydrogen

Neste
Neste

Elkem Bremanger: Millioner i støtte til grønt prosjekt