Toppmøte om hydrogen

 

Tysdag 17. november inviterte Statsminister Erna Solberg og olje- og energiminister Tina Bru til digitalt toppmøte om hydrogen.
I løpet av våren skal regjeringa legge fram ei melding til Stortinget om langsiktig verdiskaping frå norske energiressursar.
- Målet er å synleggjere det industrielle potensialet i norske energiressursar som grunnlag for framtidige lønnsame arbeidsplassar. I denne meldinga skal det blant anna bli lagt fram eit vegkart for hydrogen, sa Olje-og Energiminister Tina Bru.


Som ein del av kartleggingsarbeidet til vegkartet for hydrogen vart store aktørar på området invitert for å gje konkrete innspel til regjeringa. Følgande aktørar deltok på møtet: Equinor, Norled, Varanger Kraft, Elkem Bremanger, NEL, Nysnø, Reinertsen New Energy, Statkraft, Wilhelmsen og YARA.

Saka held fram under bildet.

tina-bru-oljeogenergiminister.jpg

Olje- og Energiminister Tina Bru

Høgt oppe på agendaen

 
 

Statsministeren Erna Solberg starta toppmøtet med å sei:
- Her er det mykje hydrogenekspertise rundt det digitale møtebordet. Regjeringa har hydrogen høgt oppe på agendaen. Ved hjelp av arbeidet med vegkartet kan det være med på å systematisere vidare satsing innanfor hydrogen og fornybar energi langs norskekysten.

 Under møtet kom det fram mange konkrete innspel på moglegheiter og kva aktørane ser på som utfordringar i hydrogensatsinga.

Hydrogenprosjekt langs heile norskekysten

Administrerande direktør i Norled, Heidi Wolden, dro fram Vestfjorden som eit prosjekt som kan generere kompetanse og ressursar i industrien. 
- Fleire sektorar i maritim næring kan ta del i endringane innanfor hydrogen i transport. Norled støttar regjeringa sitt krav om å bruke hydrogenferger på sambandet over Vestfjorden. Dette er eit ypparleg prosjekt som kan bidra til knoppskyting i næringa. Det er gunstig både for klima og norsk næringsliv, sa Wolden. 
- Når vegkartet no blir teikna opp er Vestfjorden ein motor og kan være med på å byggje opp kompetanse og ressursar i industrien. 

Skjermbilde 2020-11-18 kl. 15.37.07.png

Administrerande direktør i Nel Hydrogen, Jon André Løkke, fortalte at det fins fleire gripeklare hydrogenprosjekt langs norskekysten og informerte om viktigheita av å utvikle fagarbeidarar, få på plass forretningsutvikling og skape arbeidsplassar. 
- Dette er eit spennande område som er variert og knyt ulike industriar saman. For å oppnå vidare utvikling på feltet må vi bli inspirert av det som skjer i Europa og ha konkrete mål for bygging av infrastruktur, samt ei tydeleg ansvarsfordeling mellom stat og virkemiddelapparatet, fortalte Løkke. 

Arne Werge-Olsen i ELKEM Bremanger kom med innspel på at det er viktig å skape ein marknad som gir lønsemd. 
- Vi får ingen grøn omstilling om det bare er røde tal på botnlinja. Norge treng ei grøn industrisatsing, og næringslivet må ta ei aktiv rolle i satsinga. Vi må få på plass minst like gode vilkår som i resten av EU og gode støtteordningar er viktig. 

Statsminister Erna Solberg avslutta møtet med å takke for mange gode innspel. 
- Det er spennande å sjå så mange store og viktige aktørar. Vi må finne dei rette virkemidla, men òg finne fleire med langsiktig privat kapital og få desse med på prosjekta framover. 
Utfordringa er å finne dei riktige knappane å trykke på. 

Om du ynskjer å sende inn innspel til regjeringa sitt arbeid med vegkart for hydrogen kan du finne meir informasjon her. Frista for å kome med innspel er 10.desember.

 
 

Ta gjerne kontakt

Har du spørsmål eller kommentarar til denne saka? Ta gjerne kontakt. 

 
 
Miriam Edler.jpg

Miriam Edler

Profileringskonsulent

Hub for Ocean
E-post: miriam@hubforocean.no

Telefon: 993 91 599

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Havyard etablerer selskap for hydrogendrift av skip

Neste
Neste

Hydrogenutdanning: Vi treng hjelpa di!