Havrom 2050 får bidrag frå Sparebankstiftelsen
Fredag 11. Juni var representantar frå Hub for Ocean, Sparebankstiftinga og Westcon samla for ei markering av prosjektet «Havrom 2050». Under markeringa fekk «Havrom 2050» også gåvemidlar frå Sparebankstiftinga for å løfte prosjektet vidare.
Bakgrunn
Havrom 2050 skal bistå den maritime industrien i overgangen til ei berekraftig framtid, og skal veilede bedrifter innan den maritime industrien til å bruke FN sine mål for berekraftig utvikling (SDG) aktivt i sin strategi.
Prosjektet skal vere med å redusere terskelen for å komme i gang med berekraftsarbeid.
Hub for Ocean har jobba med prosjektet sidan 2019, og Westcon Yard skal vere eit pilotprosjekt i Havrom 2050.
Frå venstre: Maria Blom (Cost Controller, Westcon), Ole Anders Smørdal (Plassjef, Westcon), Mark Purkis (Prosjektleder Havrom 2050, Hub for Ocean) og Jo Dale Pedersen (rådgiver næringsliv,Sparebankstiftinga)
Berekraft som konkurransefortrinn
Dei tre partane er enige i at fokus på berekraft er vegen å gå framover. Jo Dale Pedersen, Sparebankstiftinga, forklarer at det er særs viktig for bedrifter å ha fokus på bærekraft framover for å vere med på å konkurrere om kontrakter:
Berekraft treng nødvendigvis ikkje vere dyrt for bedriftene. Når ein har fokus på å drive energieffektivt og kutte kostnadar ved å utnytte ressursar og materialar til det fulle så kan det faktisk vere med på å redusere kostnadar.
Ole Anders Smørdal i Westcon seier seg einig i dette, og legg ved at bedrifter bør fokusere på berekraft i alle ledd og at leverandørane dei nyttar må også fokusere på berekraft. For Westcon handlar ikkje berekraft berre om miljø, men også om sosialt ansvar og utdanning.
Dette er årsaka til at Sparebankstiftinga vil bidra med 450.000 kr for å realisere prosjektet og veilede dei små og mellomstore selskapa i distriktet slik at dei får eit konkurransefortrinn når dei konkurrerar om kontrakter med andre aktørar. Dette kjem svært godt med i gjennomføringa i prosjektet framover.
Vegen vidare for prosjektet
Prosjektet vert no utvida og er i gang med å produsere ein ressurspakke som bedrifter kan bruke for å bistå dei i oppstarten av berekraftsarbeidet og i tillegg stiller Hub for Ocean med 1-til-1 møter med bedriftene.
Er du medlemsbedrift og ønsker å få ressurspakken tilsendt når den er klar? Eller har du spørsmål om prosjektet?
Mark Purkis
Prosjektkonsulent
+47 482 41 346
mark(a)hubforocean.no