Hub for Ocean og Vestland fylkeskommune - nytt partnarskap for innovasjon og næringsutvikling

 

Hausten 2023 hadde Vestland fylkeskommune ute ei utlysing med føremål om å styrke samarbeid om innovasjon og næringsutvikling i Vestland, og knyte til seg samarbeidspartnarar som bidreg med rett kompetanse, grøn omstilling og berekraftig verdiskaping. Vi er veldig glade for å dele at Hub for Ocean er ein av aktørane som fylkeskommunen no har inngått samarbeidsavtale med. 

Ser fram til samarbeid . F.v. Kristin Svardal, dagleg leiar i Hub for Ocean, Bård Sandal, avdelingsdirektør for næring, plan og innovasjon i Vestland Fylkeskommune og Stein Kvalsund, COO i Hub for Ocean.

Samarbeidsavtalen mellom Hub for Ocean og Vestland fylkeskommune er eit gjensidig forpliktande partnarskap som strekk seg over 3 år. Med avtalen følgjer eit finansielt bidrag og eit nettverk med dei andre samarbeidsaktørane.  

«Avtalen er gjensidig fordi vi er to likeverdige partnarar», seier Bård Sandal, avdelingsdirektør for næring, plan og innovasjon.

Vestland fylkeskommune har tatt initiativ til dette samarbeidet då dei har sett behovet for lokal kunnskap og eit ynskje om å vere tettare på dei spesifikke utfordringane i regionen.  

«Vi har inkludert dei viktigaste aktørane i fylket, med mål om å knytte saman kompetanse på tvers av regionane. Hub for Ocean fungerer som fylkeskommunen sin forlengande arm, og vi erkjenner betydninga av sterke samarbeidspartnarar for å kunne oppfylle politiske målsetningar og skape utvikling i heile fylket. Vi er trygge på at Hub for Ocean sit på rett kompetanse, og at dei også har kultur for å dele denne kompetansen med andre samarbeidsaktørar i regionen», seier Sandal.

Hub for Ocean er ein medlemsorganisasjon og eit nettverk med over 130 bedrifter som representerer heile verdikjeder i den blå næringa.  

«Samarbeidsavtalen med fylkeskommunen er viktig for oss, og vil forsterke arbeidet vårt med å skape  gode møteplassar for samskaping i næringa, og bidra til å realisere målsettinga vår om å bygge sirkulære verdikjeder knytta til slamhandtering frå havbrukssektoren, og utnyttelse av restråstoff frå hydrogen- og ammoniakkproduksjon i regionen”, seier Kristin Svardal, dagleg leiar Hub for Ocean. 

I tillegg til samarbeid om møteplassar og utviklingsarbeid, vil Hub for Ocean delta i regionale nettverk og samarbeidsprosessar, medrekna Samarbeidskonferansen, og gje innspel til fylkeskommunen i relevante saker, planar og strategiar.  

«Vi er ein pådrivar for ei berekraftig utvikling av Vestlandet, og vil dele av vår kompetanse og erfaring til det beste for samarbeidet med Vestland Fylkeskommune og dei andre samarbeidsaktørane i regionen», avsluttar Svardal. 


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til saka?

Siri Stavang

senior næringsutviklar
+47 980 31 949
E-post

LinkedIn

 
Forrige
Forrige

Velkommen som medlem, Fortescue

Neste
Neste

Hub for Ocean og Måløy Vekst inngår samarbeidsavtale