Hub for Ocean og Måløy Vekst inngår samarbeidsavtale

 

Hub for Ocean og Måløy Vekst har inngått ein samarbeidsavtale for å styrke sine respektive  programsatsingar Symbiose Fjordane og Biohub Måløy. Partane skal i fellesskap arbeide med tiltak som kan styrke fokus på vidare innovasjon og verdiskaping i næringslivet i regionen, knytt til restråstoff og avfallsstraumar frå havbruk og fiskeri.

Ser fram til samarbeid . F.v. Randi Humborstad, dagleg leiar i Måløy Vekst og Stein Kvalsund, COO i Hub for Ocean.

Hub for Ocean har sidan 2022 jobba med Symbiose Fjordane, eit program for sirkulærøkonomisk næringsutvikling. Programmet dekker ulike satsingar og utviklingsprosjekt knytt til organiske restråstoff og avfallsstraumar. «Blått avfall, grøn ressurs» er ei ny satsing innan programmet, der målet er å jobbe fram sirkulære verdikjeder knytt til fiskeslam frå havbruksnæringa. På kort tid er det etablert eit konsortium med avfallshandterarar, aktørar frå oppdrettsnæringa, FoU og akademia samt offentleg forvaltning, der ein i samarbeid utvekslar erfaringar, kunnskap og diskuterer moglegheiter for å auke utnyttingsgraden av restråstoffa med berekraftige løysingar.

«Måløy Vekst si satsing innan Marin Biohub Måløy er komplementær i forhold til Hub for Ocean si satsing “Blått avfall, grøn ressurs” i programmet Symbiose Fjordane. I fellesskap skal vi aktivt bidra i utforming, gjennomføring og spreiing av resultat frå dei to prosjektsatsingane, slik at ny erverva kunnskap kan takast i bruk av deltakande verksemder”, seier Stein Kvalsund, COO i Hub for Ocean.

Kinn kommune er størst

Marin Biohub Måløy er utpeika som ein av 19 strategiske grøne hubbar i Vestland fylke av Grønn region Vestland, som er eit samarbeids- og koordineringsprosjekt eigd av Innovasjon Norge og Vestland fylkeskommune. Prosjektet er satt opp for å støtte, oppmuntre og hjelpe industrien i Vestland fylke til å nå viktige mål for den grøne omstillinga. I 2023 har Måløy Vekst jobba med eit fellesprosjekt mellom Havregionen Fjordane og Havregionen Sunnhordland i Grøn Region Vestland, som har resultert i ei verdiskapingsanalyse av fiskeri- og havbruksnæringen i dei to regionane. Måløy er den største fiskerihavna i Vestland fylke, og her ligg det eit stort potensial i auka vidareforedling lokalt, og betre utnytting av restråstoff frå både oppdrett og kvitfisk.

«Analysen av Havregionen Fjordane viser at Kinn kommune er størst innan både oppdrett og fiske, og at fiskeri- og havbruksnæringa har spesielt store muligheiter for sirkulære verdikjeder innan økt videreforedling lokalt, slamutnyttelse, bærekraftig fôr og betre utnyttelse av restråstoff fra både oppdrettsfisk og hvitfisk. Vi ser fram til å samarbeide med Hub for Ocean om å dele kompetanse, nettverk og virkemiddel for å styrke arbeidet med sirkulære verdikjeder i fiskeri- og havbruksnæringa», seier Randi Humborstad, daglig leiar i Måløy Vekst”.

F.v. Siri L. Stavang, senior næringsutviklar i Hub for Ocean, Randi Humborstad, dagleg leiar Måløy Vekst, Stein Kvalsund, COO i Hub For Ocean og Kristin Svardal, dagleg leiar i Hub for Ocean.

Attraktivt og utviklande miljø

Samarbeidet mellom Hub for Ocean og Måløy Vekst går ut på å legge til rette for relevante innovasjons- og utviklingsaktivitetar. Gjennom etablering av gode samarbeidsstrukturar skal regionen framstå som eit attraktivt og utviklande miljø for vidare forretningsutvikling, og bidra til nye etableringar innan dei havrelaterte næringane. Dette skal skje blant anna ved å skape gode møteplassar, og ved å bidra med kunnskap og kompetansetiltak på tvers av bransjar og geografi.

«Vi opplever stor interesse frå aktørar i verdikjeda for handtering av restråstoff frå havbruksnæringane lokalt og regionalt. Dette viser at det er eit behov for ei styrka satsing og eit samarbeid kring området»,  seier Siri Stavang, senior næringsutviklar i Hub for Ocean.

Ein meir ressurseffektiv og sirkulær økonomi er naudsynt for å nå dei klima, miljø- og berekraftsmåla Norge har forplikta seg til, og det ligg store moglegheiter for auka sirkularitet i sjømatproduksjon.

«Ved å samarbeide om desse programsatsingane er målet å utvikle berekraftige verdikjedar der ein nyttar ressursane på ein betre måte, og yte betre tenester til næringslivet gjennom større breidde i kompetanse, nettverk og verkemiddel», avsluttar Kristin Svardal, dagleg leiar i Hub for Ocean.

LES MEIR

Program Symbiose Fjordane | Biohub Måløy-Verdiskapinganalyse Fjordane | Grøn Region Vestland


Hei! Har du spørsmål eller kommentarar til saka?

Takk til Sparebanken Sogn pg Fjordane/Sparebankstiftinga for støtte til Symbiose Fjordane.

Siri Stavang

senior næringsutviklar
+47 980 31 949
E-post

LinkedIn

 
Forrige
Forrige

Hub for Ocean og Vestland fylkeskommune - nytt partnarskap for innovasjon og næringsutvikling

Neste
Neste

Ledige stillingar 2024