Jenter og teknologi 2024

 
 

Den 28. november inviterte vi jenter i 9. klasse til inspirasjonsdagen «Jenter og teknologi». Formålet med dagen var å gi unge jenter eit innblikk i spanande karrieremoglegheiter innan teknologi- og realfagsyrke, og inspirere dei til å tenkje stort når dei skal velje vidaregåande utdanningsretning.

I år samla vi 84 jenter fra Florø og Eikefjord og 22 rollemodellar på kulturhuset i Florø til ein dag full av inspirasjon, læring og nysgjerrigheit. Gjennom dagen fekk deltakarane møte engasjerte og dyktige kvinnelege rollemodellar som anten studerer eller jobbar innan teknologi- og realfagsrelaterte felt. Rollemodellane delte sine erfaringar, gav råd og svara på spørsmål om alt frå studieval til korleis kvardagen ser ut i jobben eller utdanninga deira. Dette gav jentene ein unik sjanse til å stille spørsmål, få tips og høyre ekte historier om korleis det er å jobbe i teknologidrivne yrke.

Stemninga var avslappa, oppmuntrande og full av positiv energi. Det vart understreka at ingen spørsmål er for små eller rare – dette var jentene si arena for å utforske, stille spørsmål og bli inspirert. Gjennom interaktive aktivitetar, inspirerande presentasjonar og små gruppesamtalar fekk jentene moglegheita til å knyte kontakt med både rollemodellar og kvarandre.

9. klassejentene vart betre kjend med desse yrkene og personane: 

  • Tømrar lærling, Valeria Ogarkova

  • Blikkenslager lærling, Oda Nilsen Halvorsen

  • Sivilingenør og IT konsulent, Marthe Sunde

  • Sivilingenør og leiar prosjekt konsern, Silje Mari Sunde

  • Arealplanleggjar, Christine Humlestøl Midtbø

  • Elektro rådgjevar, Hilde Ellingsen Nilsen

  • Fiskehelse- og berekraftsansvarleg, Silje Sveen

  • Lærar i teknologi- og industrifag, Camilla Landro

  • Montør, Heidi Sundal

  • Montør, Marion Hansen

  • Automatikar, opplæringskonsulent og leiar for jenter i Elektro SF, Lisa Marie Mo

  • IT utviklar, Anette Nilsen

  • HR rådgjevar, Regine Gausemel

  • Maskinførar, Camilla åsvoll

  • Teknisk leiar, Marita Jarstad

  • Logistikkforvaltar, Ingeborg Elise Vestby

  • Anbodsansvarleg, Sigrid Sellereite

  • Energimontør lærling, Anna Endestad

  • Tømrar lærling, Kristin Larsen Svånå

Jenter og Teknologi har som mål å vise at teknologi og realfag er framtidsretta og spanande fagområde som opnar dørene til varierte, kreative og meiningsfulle karrierar. Vi ønskjer å utfordre stereotypiar og bidra til at fleire jenter ser moglegheitene som ligg i desse yrka. Ved å løfte fram positive rollemodellar og konkrete karrierevegar håpar vi å motivere fleire til å velje realfag når dei skal søkje vidaregåande skule.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Hub for Ocean og Kinn kommune, med verdifull støtte frå Flora Industri- og Næringsforeining (FIN). Vi er utruleg stolte over å ha fått gjennomført denne dagen og ser fram til å inspirere endå fleire unge jenter til å satse på teknologi og realfag i framtida. Tusen takk til alle som deltok og bidrog til å gjere dagen minneverdig!


Har du spørsmål eller kommentarar til saka? Ta gjerne kontakt!

Sarah Sundquist

Trainee innen kommunikasjon og eventkoordinering
+47 458 86 725
E-post

LinkedIn

 
Neste
Neste

Hub for Ocean får 2,6 millionar til Symbiose Fjordane