Fjord 1 etablerer sentrallager hos Westcon Yards Florø

Fjord1 byggjer nytt sentrallager for å vidareutvikle og forbetre gjennomføringa av tekniske prosjekt. Effektiv logistikk, samhandling og berekraft er viktige element i avtalen, som reduserer energiavtrykket kraftig.

 

På storskjerm i bakgrunnen ser du Fjord1 sitt nye, moderne, berekraftige hovudlager. Biletet frå venstre: Deon Mortensen (Sales & Project Director WYF), Jon Gisle Systaddal (leiar anlegg WYF), Trygve Solaas (verftsdirektør WYF), Andrè Høyset (driftsdirektør Fjord1), Geir Hillersøy (leiar teknisk driftstøtte Fjord1).

 

I dag er over 30% av Fjord1 sin flåte elektriske fartøy. Dette er svært avanserte fartøy som i tillegg har strenge krav til regularitet og EL-grad. For å møte desse krava er det avgjerande å ha ein effektiv teknisk organisasjon med høg kompetanse og gode verktøy.

Det nye lageret i Florø er designa med fokus på effektiv oppvarming med solceller og skal derav redusere straumutgiftene. Etableringa gjer at Fjord1 reduserer frå tre lokasjonar til èit, og bidreg til at selskapet reduserer energiavtrykket med minst 2/3, fortel leiar for teknisk driftsstøtte i Fjord1, Geir Hillersøy.

Med elektriske fartøy kjem nye ladeanlegg som krev omfattande servicejobbar, som igjen set krav til effektive logistikkløysingar. Med nye og meir effektive forsyningslinjer vil eit nytt sentrallager sikre raskare tilgang for resten av flåten.

 

Slik vert lageret som skal stå klart 1.juni sjåande ut - med stort fokus på grøne løysingar, mellom anna solceller på taket. 

 

Westcon og Florø ligg strategisk godt plassert for å drive effektiv logistikk langs kysten. Westcon skal i denne avtalen bidra med handling/transport/forsending.


Spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik(a)hubforocean.no

Linkedin

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Havyard Leirvik landar stor ombyggingskontrakt

Neste
Neste

Evoy byr på frisk Breeze