Florø-Måløy/Selje er aktuell pilotrute
Vestland fylkeskommune arbeider no med utlysing av nye hurtigbåtanbod frå mai 2022. Ruta Florø-Måløy/Selje siglar opp til å bli nasjonal pilotrute for det første hydrogendrivne hurtiggåande passasjerfartøyet i Noreg.
Politiske føringar
Onsdag 16. september skal Hovudutval for samferdsel og mobilitet handsame fylkesrådmannen i Vestland si tilråding til vidare prosess i arbeidet med utlysinga: I tilråding står det mellom anna:
«For å sikre ei rask innfasing av hydrogendrivne hurtigbåtar må designarar, systemintegratorar, verft, energileverandørar og operatørar konkretisere sine tekniske konsept fram til ei mogleg førehandsgodkjenning frå tryggleiksmynde. Eit pilotfartøy må byggjast slik at teknologien kan demonstrerast før endeleg tryggleiksgodkjenning.»
Næringslivet er klare
Hydrogenklynga som er drevet av Hub for Ocean, Ocean Hyway Cluster (OHC) i Florø, koordinerer eit konsortium med Kinn kommune og leiande industriaktørar.
Konsortiet er klare til å bygge og drifte eit pilotfartøy. Brødrene Aa vil ha ansvar for design og bygging av fartøy, inkludert hydrogenbasert energisystem. SFE og INC Gruppen har etablert selskapet HyFuel som skal produsere og levere grønt hydrogen i Florø fra 2023. Florø Skyssbåt er klar til å drifte pilotfartøyet.
Saka held fram under bildet.
– Vi har arbeidd saman med svært dyktige næringslivsaktørar i fire år for å klargjere for realisering av hydrogendriven hurtigbåt, seier Trond Strømgren i OHC.
– No ser det ut til at vi kjem eit steg nærare målet. Verda ser til Noreg når det gjeld hydrogen i maritim sektor. Realisering av hydrogendrivne hurtigbåtar vil gi norsk næringsliv eit stort eksportpotensiale, avsluttar Strømgren.
Pilotrute Florø-Måløy/Selje
Etablering av pilotruta vil binde dei to byane i Kinn kommune tettare saman og ikkje minst styrke bu- og arbeidsområdet langs kysten. Eigen båt på denne ruta vil knytte saman heile kysten på strekninga Selje, Måløy, Bremanger og Florø.
– Dette vil bli det viktigaste samferdselstiltaket i vår del av fylket sidan sia hurtigbåtane kom på 70-talet, seier Ola Teigen, ordførar i Kinn kommune. – Det som likevel er mest spennande er den merksemda ei slik rute kan få verda rundt. Nullutslepp innan hurtigbåt er nybrottsarbeid teknologisk og ikkje minst eit viktig klimatiltak. Kinn kommune har ambisjon om å bli klimanøytral i 2030 og då er dette midt i blinken, held Teigen fram.
Utlysinga klar i desember
Det er Skyss som organiserer arbeidet med utlysing av dei nye hurtigbåtanboda. Skyss arbeider tett med næringslivet og har gjennomført to dialogrundar for å få næringsaktørane sine innspel til utforming av utlysinga. Ein tredje dialogrunde skal gjennomførast i oktober. Anbodet er planlagt lansert 20. desember i år.
Spørsmål?
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål eller kommentarar til denne saka.
Trond Strømgren, seniorrådgivar fornybar energi og hydrogen verdikjede OHC - tlf.: 402 98 729 - trond@hubforocean.no
Ola Teigen, ordførar Kinn kommune - tlf.: 975 48 023 - ola.teigen@kinn.kommune.no