7 selskap inngår samarbeid: - Verkeleg spennande tider!

7 selskap signerte 14. september ein samarbeidsavtale for å satse saman på nødreperasjon og vedlikehald i maritim sektor. Hovudkontoret blir ved Hellenes i Førde. «Det er verkeleg spennande tider!», seier Bjørn Rasmussen som skal leie satsinga.


I situasjonar der maskineriet på båtar havarerer og ikkje lengre kan operere vil det vere behov for nødreperasjon. Dei 7 selskapa som satsar saman for å tilby nødreparasjon er Sogn Industri, Oceaneering Asset Integrity Florø, Nondal Industriservice, Vest Hydraulikk, Power Electro, Fjordane Engineering, og Verksted og Industri Materiell. Satsinga skal skje gjennom selskapet Sogn Marine, og inneber også at ein i fellesskap kan ta på seg større jobbar.

Høg kompetanse og stor fleksibilitet bør stå sentralt når ein arbeider med nødreparasjonar. Sogn Marine dekker alle disiplinar frå mekanisk og elektro, til teknisk støtte og underlag, kjem det fram i ei pressemelding.

Saka held fram under bildet.

 
7 selskap satsar i lag. Frå venstre – Bjørn Rasmussen (Sogn Marine), Kim Andre Salbu (Power Electro), Roger A. Lien (Oceaneering), Tomas Eikelid (Sogn Industri), Tore Nondal (Nondal Industriservice), Bård Håvard Solvik (Verksted og Industri Materiel…

7 selskap satsar i lag. Frå venstre – Bjørn Rasmussen (Sogn Marine), Kim Andre Salbu (Power Electro), Roger A. Lien (Oceaneering), Tomas Eikelid (Sogn Industri), Tore Nondal (Nondal Industriservice), Bård Håvard Solvik (Verksted og Industri Materiell), Kjetil Sunde (Fjordane Engineering).

 

- Vi der når næringa treng oss

 

Sogn Marine vil bli leia av Bjørn Rasmussen. Med over 30 års erfaring frå bransjen, blant anna som maskinist, vil han jobbe for å sette fokus på verdien av fagarbeidarar og erfaring. Bjørn har tidlegare hatt leiarroller i Norge og utlandet. «Vi opplever at det er mange aktørar i marknaden som er useriøse, der rederi endar opp med store ekstra kostnadar og lange forsinkelsar. Vi vil vise verdien av erfaring, kvalitet og god service. Med døgnopen vakttelefon er vi der når næringa treng oss», seier Bjørn Rasmussen.

Hovudkontor i Førde

Bjørn Rasmussen skal leie satsinga.

Bjørn Rasmussen skal leie satsinga.

 
 

Sogn Marine har hovudkontor ved Hellenes i Førde, og selskapet vil vere tett på fleire anløp. Her har dei verkstad, utstyr og leverandørar til å kunne rykke ut raskt, samtidig som ein kan levere, modifisere og lage nødvendig utstyr.

«Vi består av fleire små firma som jobbar i lag, dette gjer oss utruleg effektive og fleksible. I dagens marknad er dette uhyre viktig, skal vi kunne tilby noko unikt til marknaden. Eg har stor tiltru til gjengen vi no jobbar med, og er sikker på at dette vil vere starten på noko som vil fungere», seier dagleg leiar av Sogn Industri, Tomas Eikelid.

Tomas Eikelid, dagleg leiar av Sogn Industri.

Tomas Eikelid, dagleg leiar av Sogn Industri.

 

24/7

«Sogn Marine er alt etablert, døgnvakt-telefon er open 24/7 og vi er allereie i dialog med fleire reiarar om å kunne vere del av deira beredskap i området. Det er verkeleg spennande tider!» kommenterer Bjørn Rasmussen. Hovudkontoret vil vere i Førde, ved Hellenes verft, i tillegg til eit kontor i Bergen. På den måten kan dei raskt dekke anløp i heile Vestland fylke.

Spørsmål?

Har du spørsmål eller kommentarar til Sogn Marine? Ta gjerne kontakt.

  • Tomas Eikelid – dagleg leiar, Sogn Industri AS – tlf.: 992 54 323

  • Bjørn Rasmussen – dagleg leiar, Sogn Marine – tlf.: 413 85 467

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Florø-Måløy/Selje er aktuell pilotrute

Neste
Neste

30 dager igjen!