Evoy byr på frisk Breeze

Lanserer ny banebrytande elektrisk 120 hk motor. Evoy er stolt av å introdusere sin nye elektriske motor Breeze til marknaden. Den nye 120 hk motoren leverast både i innanbords og utanbords versjon. Toppytinga er heile 185 hk.

Den nyutvikla motoren passar for mindre hurtiggåande båtar, enten som utanbords eller som innanbords, kobla til drev, vannjet eller fast aksel. Motoren passar også til større saktegåande deplasementbåter og seglbåtar.

Breeze er bygget på 400 volt-teknologi og Evoy leverer motoren som ein komplett Plug-and-Play løysing. Motoren er sjølvsagt svært lydløs og har eit dreiemoment utan sidestykke for denne motorstørrelsen. Innanbordsmotoren veg berre 90 kg og påhengsmotoren 190 kg.

 
 

Leif A. Stavøstrand, grunnleggar og CEO i Evoy, seier:

 

Lanseringa av Breeze er en svært viktig milepæl for oss og fyller eit stort tomrom i det elektriske framdriftsmarkedet. Heilt sidan Evoy blei etablert har vi opplevd stor etterspørsel etter denne motorstørrelsen, så vi er veldig glade for at motoren no er tilgjengeleg på markedet. Breeze passer både i mindre planande båtar og større deplasementsbåter og er ein verkeleg game-changer. Evoy gjer det no mogleg for eit heilt nytt segment av båtfolk å køyre utsleppsfritt og nyte den uimotståelege stillheita ved båtlivet.

Grunna stor etterspurnad er Breeze påhengsmotor allereie førehandsbestilt og utselt til over sommaren. Vi er glade for å kunngjere at Breeze 120 hk innanbordsmotor vil vere tilgjengeleg for marknaden frå oktober.

Introduksjonen av Breeze har en positiv effekt på resten av Evoy sin produktlinje. Dagens 150 hk Gale vil bli oppgradert til 200 hk. Innanbordsversjonen blir tilgjengeleg for marknaden i 2023 og Gale utanbords kommer i 2024.

Marius Dyrseth, CTO i Evoy, er veldig fornøgd med lanseringa:

 
 

Evoys ambisiøse plan om å gjere kraftige elektriske motorsystem frå 120 til 400 hk tilgjengeleg for alle har blitt verkelegheit. Nå er både Hurricane og Breeze klare for et kjøpelystent marked. Dette er intet mindre enn ein revolusjon og et paradigmeskifte innan elektrisk drift av båtar. Eg er svært stolt av det fantastiske Evoy-teamet!

I tillegg til Breeze og Gale på 400 Volt er Evoy den einaste leverandøren i e-båtindustrien med 800 volts-system, brukt på Storm og Hurricane-modellane. Storm vil levere 300 hk i kontinuerleg drift, og er forventa å vere tilgjengeleg mot slutten av året som innanbords og i 2023 som påhengsmotor.

 
 

Om Evoy

Evoy blei etablert i 2018 og har hovudkontor i Florø, Norge. Bedrifta designar, utviklar og leverer kraftige 100 % elektriske innanbords- og utanbords framdriftssystem for båtar. Evoy sine system er produsert i Norge og passer til hurtiggåande båtar frå 20 til 50 fot. Den banebrytande teknologien gir Evoy ein ledande posisjon i eit stadig aukande elektrisk fritids- og kommersielt båtmarked.

Nettside: evoy.no


Spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik(a)hubforocean.no

Linkedin

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Fjord 1 etablerer sentrallager hos Westcon Yards Florø

Neste
Neste

Multi Maritime Florø flyttar inn i nye lokale