Få kompensasjon for tapt omsetjing
Søknadsportalen kompensasjonsordning.no er no open. Ordninga skal gje hjelp til føretak som er hardt ramma av koronasituasjonen. Ordninga er open både for bedrifter som er stengd av myndigheitene og andre føretak som har eit betydeleg inntektstap.
Kompensasjonsordninga for næringslivet er ein del av regjeringa si tredje krisepakke som følgje av koronasituasjonen. Kompensasjonsordninga gjev verksemder med stort inntektsbortfall som følgje av virusutbrotet ein økonomisk kompensasjon. Målet er at næringslivet i størst mogleg grad unngår konkursar og kjem seg raskare opp igjen når krisa er over. Ordninga gjeld for mars, april og mai 2020.
På kompensasjonordning.no finn du informasjon om:
Kva føretak som kan få kompensasjon
Kven som kan søkje på vegne av føretaket
Rettleiar for kompensasjonsordninga
Verktøy for å rekne omsetningsfall og kor mykje tilskot føretaket ditt kan få
Kva du kan forberede før du søkjer om tilskot
Digital løysing
Verksemdene som søkjer om støtte nyttar eit digital søknadsskjema. Her legg verksemda sjølv inn omsetjing for månaden det søkast for, omsetjing i same månad året før og faste, uunngåelege kostnader. Søknadsprosessen er i stor grad automatisert. Kva verksemder som får offentleg støtte blir gjort kjend kort tid etter at søknaden er godkjent.