Landa 200 millioners-kontrakt: "Dette er veldig gledeleg"
Westcon Yards har nyleg signert kontrakt med Fjord1 for hybridisering av tre 120-bilers ferjer, skriv Westcon i ei pressemelding. Verftet i Florø posisjonerer seg dermed som ein av dei leiande leverandører av batteridrevne ferjer i Noreg.
Kontrakten har ein samla verdi på rundt 200 millioner kroner. Ferjene skal etterkvart bli nytta i ferjesambandet Halsa-Kanestraum som er ein del av E39 i Møre og Romsdal.
Dette er veldig gledelig. Dette er en viktig kontrakt for oss som selskap og et viktig signal til våre ansatte. Denne kontrakten smaker ekstra godt i disse dager hvor koronasituasjonen preger oss alle. Den første fergen vil starte ombyggingen 1. august. - Trygve Solaas, verftsdirektør ved Westcon Yard Florø.
Ferjeselskapet Fjord1 ASA er eit børsnotert selskap og er eit leiande ferjeselskap i Noreg. Med sine 1200 tilsette er dei også aktive innan hurtigbåt, catering, og fjordbasert reiseliv. Selskapet har ein uttala målsetting om å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, og arbeidar kontinuerleg med å utvikle nybygg i verdsklasse.
Foto: Fjord1
Westcon Yards vant denne kontrakten i sterk konkurranse med andre gode verft. De har gode referanser på større ombygginger, men også det å elektrifisere ferjer til batteridrift. Fjord1 har gode erfaringer med Westcon Yards og vi er veldig trygge med å plassere denne ordren hos dem. - Nils Kristian Berge, teknologi- og prosjektdirektør i Fjord1 ASA.
Trygve Solaas meiner Westcon si satsing på grøne løysingar for skipsfarten er ein utvikling som kjem til å fortsette og selskapet har ein klar strategi om å vere det leiande miljøvennlege verftet i Noreg.
For mer informasjon:
Trygve Solaas, verftsdirektør Westcon Yard Florø
Telefon: +47 900 51 610
Epost: trygve.solaas@westcon.no