Har bygga den raskaste, elektriske katamaranen i verda: - Svært godt levert
Rederiet Rødne har no stolt tatt imot den raskaste, elektriske katamaranen i verda frå verftet Brødrene Aa. 23. april vart ein merkedag når katamaranen klappa lydlaust til kai ved heimbasen sin i Stavanger.
«Rygerelektra» kan gå 50 nautiske mil på ei lading, eller Stavanger-Preikestolen tur-retur om ein vil, melder Rødne og Brødrene Aa i ei pressemelding. «Rygerelektra» har plass til 297 passasjerar og har kosta 120 millionar å byggje.
Internasjonalt grensesprengande
- Vi har bygget en høyteknologisk katamaran som er grensesprengende i forhold til fart og rekkevidde. Den vil operere i hastigheter opp til 20 knop, og har lengst rekkevidde av alle batteridrevne passasjerbåter som er bygget, fortel dagleg leiar i Brødrene Aa, Tor Øyvin Aa.
Båten er bygga i karbonfiber med ein skrogutforming for store batteripakker. - Svært godt levert av Brødrene Aa, nok en gang, seier dagleg leiar i Rødne, Lars A. Rødne.
Rygerelektra. Video: Romvesen / Brødrene Aa
Når Rødne byggjer båtar er det nesten utan unntak det familiedrevne verftet frå Hyen som står for bygginga. Dette er den 20. båten Brødrene Aa har bygga for Rødne gjennom 50 år.
40 teslabiler samtidig
Når katamaranen skal frakte gjester inn i Lysefjorden krevst det så mykje batterikapasitet at det blir som å køyre 40 teslabiler samtidig. - Vi i Rødne ønsker at «Rygerelektra» blir en båt for alle. Det er vårt håp at både lokalbefolkning, norske og utenlandske turister ønsker å oppleve en komfortabel, nesten lydløs og utslippsfri tur i de vakre fjordene i Ryfylke og Rogaland, avsluttar Lars A. Rødne.
Kontaktperson Rødne
Lars André Rødne, dagleg leiar
lars@rodne.no
Telefon: 982 41 501
Kontaktperson Brødrene Aa
Tor Øyvin Aa, dagleg leiar
tor@braa.no
Telefon: 950 57 187