Vil ha ei berekraftig satsing

I ei utfordrande koronatid så vel ei rekkje av medlemsbedriftene i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster å satse berekraftig.


For å vinne anbod blir det stadig viktigare å kunne dokumentere samfunnsansvar og redusere utslepp, melder ei rekkje av dei over 100 medlemsbedriftene i Hub for Ocean (HfO) og Ocean Hyway Cluster (OHC). Gjenreisinga etter koronakrisa kan vere ein god sjanse til å starte på ein ny og grønare utviklingsprosess. 20. og 24. april inviterte HfO og OHC til ein digital workshop om korleis næringslivet kan starte ei slik utvikling.

Berekraftig framtid

Det blir snakka mykje om berekraft og grøn økonomi etter at FN vedtok sine berekraftsmål. Målet med workshopen var å starte prosessen med å utvikle berekraftige forretningsmodellar i HfO og OHC sine medlemsbedrifter. Workshopen vart leia av dei fremste forskarane på sirkulære og berekraftige forretningsmodellar i Norge, Sveinung Jørgensen and Lars Jacob Tynes Pedersen. Dei har 15 års erfaring med forskingsbasert innovasjon saman med bedrifter i inn- og utland som ønskjer å forene berekraft og lønnsemd.

 

På workshopen fekk næringslivet presentert verktøy som dei kan nytte i overgangen til ein ny forretningsmodell. Diskusjonar i mindre grupper om aktuelle utfordringar og moglegheiter skapte stort engasjement blant deltakarane.

Workshopen gjekk føre seg på den digitale plattformen Zoom.

Workshopen gjekk føre seg på den digitale plattformen Zoom.

 

Startskot

Workshopen var startskotet for ei satsing der Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster jobbar tett i lag med næringslivet for å nytte berekraft som ei konkurransekraft. Bedriftene kjem til å intensivere arbeidet med berekraft i etterkant av workshopen, kjem det fram i ei spørjeundersøking. Fleire bedrifter har allereie tatt kontakt med HfO og OHC for å diskutere konkrete prosjekt som har berekraft i fokus. Det er tydeleg at bedriftene er klar for ei grønn omstilling.

Arrangementet «Digital workshop: Berekraft som konkurransekraft» var sponsa av Norec og INC Gruppen.


Kontaktperson

 

Stein Kvalsund
Dagleg leiar, i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster.

Tlf.: 976 98 785
E-post: stein@hubforocean.no


1S0A0971.jpg
 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Flytende havvind – muligheter for norsk leverandørindustri

Neste
Neste

Har bygga den raskaste, elektriske katamaranen i verda: - Svært godt levert