Bli kjend med Ingeborg

Den 1. september starta Ingeborg hjå oss som prosjektleiar for sirkulære verdikjeder.

Etter snart ein månad har vi fått gleda av å bli kjent med denne flotte dama, og no får de òg sjansen til å bli betre kjent med henne!

Kva var det med stillinga i Hub for Ocean som lokka deg til å flytte frå Austlandet til Florø?

Eg har ein mastergrad i bioøkonomi med fokus på biobasert verdiskaping og forretningsutvikling. Etter eit vikariat i Landbruksdirektoratet kjende eg på eit sakn etter å jobbe meir konkret med innovasjon og utvikling innan sirkulærøkonomi. Jobbmarknaden i Oslo viste seg og vere utfordrande, med stor konkurranse om stillingane, spesielt innan mitt fagområde, så eg bestemte meg for å sjå utanfor Oslo.

Det var litt tilfeldig at eg kom over stillinga i Hub for Ocean, men ho verka veldig spennande. Masteroppgåva mi handla om korleis ein kan omgjere fiskeslam frå havbruksnæringa, som er eit stort forureiningsproblem, til ei grøn, industriell moglegheit. Sjølv om fokuset i oppgåva var på fiskeslam, var målet å kartlegge barrierer og moglegheiter som også kunne overførast til andre typar råstoff. At denne stillinga handla om å utvikle slike verdikjeder i praksis, var det som gjorde at eg søkte på jobben.

Eg må innrømme at eg var litt usikker på om eg faktisk ville flytte til Florø. Eg hadde aldri vore der før, og tanken på å flytte frå familie og vener var skremmande, men likevel bestemte eg meg for å sende søknaden. Då eg etter kvart fekk tilbodet om jobben, var det kombinasjonen av naturen på Vestlandet, som eg har sakna sidan eg gjekk på folkehøgskule i Ørsta, og den spanande jobbmoglegheita som overtydde meg om at dette var rett val.

Kva ser du mest fram til i den nye rolla di her på Hub for Ocean?

Det å jobbe med nettverksbygging og å skape samarbeidsarenaer er ei spennande og ny arbeidsform for meg, og eg ser det som ei unik moglegheit til å utvikle meg både fagleg og personleg.

Sirkulær bioøkonomi, verdiskaping og innovasjon er noko eg brenn for, og eg gler meg verkeleg til å samarbeide med engasjerte og dyktige menneske på tvers av fagfelt og sektorar. I rolla mi hos Hub for Ocean vil eg jobbe mykje med praktiske løysingar innan sirkulære verdikjeder, og det gir meg store moglegheiter til å vidareutvikle min eigen kompetanse innan eit felt eg synest er utruleg interessant, og gi meg viktig erfaring i korleis slike prosessar kan gjennomførast i praksis.

Du har budd i Florø i under ein månad, men har du klart å finne deg ein favorittstad her enno?

Etter ein fantastisk dag på øya Reksta vil eg seie at det er favorittstaden min så langt. Men det er framleis mange stader å oppdage, så det blir spennande å sjå kva som til slutt blir favorittstaden min.

Kva er noko du gler deg til å oppleve eller utforske i Florø?

Eg gler meg til å utforske vidare alle naturperlene som Florø har å by på. Eg elskar at naturen er så lett tilgjengeleg her, og at uansett kva topp ein vel, så ventar det alltid ei flott utsikt.

Eg ser òg fram til å bli betre kjent med folk her i Florø, både kollegaer og andre. Eg er spent på om eg vil oppdage nye, spennande hobbyar eller aktivitetar medan eg bur her i Florø.

 

Har du ein artig funfact om deg sjølv som vil overraske oss?

Då eg var 15 år, reiste eg til Italia for å synge Vivaldi med nonner.


Har du spørsmål eller kommentarar til saka?

Sarah Sundquist

Trainee innen kommunikasjon og eventkoordinering
+47 458 86 725

E-post
LinkedIn

Forrige
Forrige

Velkomen som medlem, Paneda

Neste
Neste

Velkomen som medlem, Havlandet