Velkomen som medlem, Paneda
Paneda AS er ein global marknadsleiar innan digitalradio- og DAB-teknologi. Selskapet utviklar og leverer innovative løysingar som DAB Head-End-system og Break-In-system for vegtunnelar.
Sidan etableringa i 2001 har Paneda oppnådd stor suksess med hundrevis av installasjonar i over 20 land, og dei har einsterk posisjon både i Noreg og på internasjonale marknader.
I 2007 vann Paneda ein stor kontrakt med Telenor for bakkenett-TV med 165 sendarar, og dei driv sitt eige digitale TV-nettverk i Noreg. Løysingane til Paneda er kjende for å vere robuste, av høg kvalitet og skalerbare, og dei møter behova til både offentlege og private kringkastarar. Paneda er òg kjende for sine DAB Head-End-system, som blir brukt av kringkastarar over heile verda for å administrere og distribuere DAB-radiosignal.
Paneda har utvikla Break-In system for tunnelar som gjer det mogleg å avbryte vanlege radiosendingar i nødsituasjonar. Systemet er installert i over 250 tunnelar, men kan òg brukast i togstasjonar, parkeringshus, kjøpesenter eller andre stadar der eit slikt system er nødvendig.
Paneda er svært aktive innan forskning og utvikling, og har skapt eit nytt konsept som bruker DAB-teknologi til offentlege varslingssystem. Dette systemet har fått namnet Public Warning Systems (PWS) og er eitt av Paneda sine mest banebrytande innovasjonar. PWS bruker DAB-nettverket til å sende kritiske varsel og trigge infrastruktur ved nødsituasjonar. Systemet er under validering, med planlagt lansering i Noreg innan juni 2025, og det er venta å bli eitviktig vekstområde globalt.
Gjennom medlemskapet i Hub for Ocean ønskjer Paneda å marknadsføre PWS, då det er spesielt godt eigna for prosjekt av den typen som Hub for Ocean jobbar med.