Velkomen som medlem, Havlandet
Trua på oppdrettstorsken har gitt Havlandet Noregs einaste avlsystem på torsk.
Havlandet held til på Noregs største forsyningsbase, Fjord Base i Florø. Her har dei sidan tidleg 2000-tal drive med landbasert oppdrett av torsk. Dei gav aldri opp, og no har dei 8. generasjon i oppdrettskara. Denne torsken bruker 18 månader på å bli 4 kg. Den første generasjonen brukte fire år.
I 2014 utvida dei fiskesortane og begynte med lusespisaren berggylt. I oktober 2021 produserte dei, som den 2. aktøren i Noreg, laks på RAS-teknologi med overveldande gode resultat. Kontinuerleg arbeid og innovasjonsevne gjennom alle desse åra har gjort at dei no sit på unik kompetanse som dei tar med seg vidare inn i deira ambisiøse framtidsplanar.
Kva tankar har de for framtida?
Frå eit overordna perspektiv er målet å skaffe verda tilgang på nødvendig og høgverdig protein dyrka på ein berekraftig måte. Vi vil fortsette å finne innovative løsningar innan torskeoppdrett, og vere ein pådrivar for å skape ein berekraftig og robust næring.
Havlandet har også store framtidsplanar. Dei planlegg eit anlegg for settefisk av torsk, med 12 millionar fisk/1200 tonn i året. RAS-konsesjonen er på plass. I tillegg har dei ambisjonar om eit matfiskanlegg for torsk, med 10.000 - 20.000 tonn matfisk i året.
Kva håper de å få ut av medlemskapet?
Vi håper å vere ein del av eit nettverk der vi kan bruke vår ekspertise i samarbeid med andre for å saman finne bedre og meir miljøvennlege løsningar på felles utfordringar. Vi håper å løyse samfunnsoppgåva på ein bedre måte, som til dømes gjennom fiskeslamprosjektet ("Blått avfall, grønn ressurs") vi er med i.