Nordsjøkommisjonen: Suksessfullt møte om hydrogen og elektrifisering i Florø

Gode løysingar for framtida stod i fokus når 25 delegatar frå Nordsjøkommisjonen møtte politikarar og lokalt næringsliv i Florø 27. februar. Delegatane er frå ulike land rundt Nordsjøen, og er ein del av ei arbeidsgruppe som fokuserer på energi og klimaendringar.

Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster var glade for å ønskje delegasjonen velkomen til våre nye lokale i Peak Florø for presentasjon og diskusjon om hydrogenbaserte og elektriske transportløysingar. Etter presentasjonar frå Evoy, Fjord1, Multi Maritime, Brødrene Aa, Skyss og Vestland Fylkeskommune vart det opna for diskusjon. Det var tydeleg at temaet engasjerte delegasjonen. Det var stor semje om at ein må tørre å ta modige avgjerder for å redusere utslepp og skape ny teknologi for energiproduksjon. Fleire frå næringslivet etterlyste gode insentivordningar for dei som satsar på nullutsleppsløysingar. Frå politisk hald vart det nemnt at Noreg no har ein ypparleg moglegheit til å skape nye eksportvarer. Det som trengs er eit næringsliv som satsar stort framover og politikarar som støttar opp om arbeidet. Dagleg leiar i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster, Stein Kvalsund, var nøgd med møtet:

Dei som deltok på møtet har eit kulturelt fellesskap og målsetjing som det er viktig å arbeide med for å realisere nye, framtidige energiløysingar. - Stein Kvalsund

Desse deltok på møtet “Ocean Hyway Cluster - A value chain to achieve climate- and energy change in the maritime sector”:

 
Deltakarene på møtet var (i tilfeldig rekkjefølge): Jimmy Gray (Highland Council), Tjisse Stelpstra (Provincie Drenthe), Tara Murray (Aberdeenshire Council), Clara Zakariasson (North Sea Commission), Cllr Davidson (Aberdeenshire Council), Harvey Joh…

Deltakarene på møtet var (i tilfeldig rekkjefølge): Jimmy Gray (Highland Council), Tjisse Stelpstra (Provincie Drenthe), Tara Murray (Aberdeenshire Council), Clara Zakariasson (North Sea Commission), Cllr Davidson (Aberdeenshire Council), Harvey Johnston (Orkney), Thomas Kokshoorn (Province of Groningen), Johan Scholte (Province of Drenthe), Natalia Golis (Fylkesvaraordførar Vestland fylkeskommune), Soukaina Legdani (Sosialistisk Venstreparti), Jon-Olav Strand (Agder fylkeskommune), Trond S. Kristiansen (Agder fylkeskommune), Hanne Marte Vatnaland (Rogaland fylkeskommune), Mikael Johansen (Multi Maritime), Gustav Johan Nydal (Multi Maritime), Einar Aalen Hunsager (Skyss), Leif Stavøstrand (Evoy), Tor Øyvin Aa (Brødrene Aa), Arild Austrheim (Fjord1), Audun Erik Sunde (Vestland Fylkeskommune), Stein Kvalsund (Ocean Hyway Cluster/ Hub for Ocean), Mark Purkis (Ocean Hyway Cluster), Siri Odijk Solbakken (Hub for Ocean)

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Jublar for viktig avtale innanfor elektrifisering

Neste
Neste

Akvahub – samspel gir banebrytande resultat innan forsking- og utvikling