Lanserer rapport: Store marknadsmoglegheiter i Frankrike

Med skyhøge klimaambisjonar og milliardar til midlar til grøn omstilling seglar Frankrike opp til å bli ein svært attraktiv nasjon å samarbeide med for norske bedrifter. Innovasjon Norge sin rapport om moglegheitene i Frankrike er no lansert!


Frankrike er ein leiande nasjon på grøn omstilling i Europa og har øyremerka fleire milliardar euro for å nå klimamåla. Det skal mellom anna satsast på hydrogen, el-fartøy, smarte hamner, smart offshore-industri og smarte skip. Franske aktørar står heilt i startgropa løysingmessig og melder no si interesse for norske løysingar.

 

Lanserer rapport

Innovasjon Norge Paris har akkurat lansert ein marknadsrapport om grøn omstilling i shipping- og ferjenæringa i Frankrike. Rapporten kan du lese her. Sentrale tema i rapporten:

·  Store trendar i den franske maritime marknaden

·  Konkrete behov i utvalte segment

·  Finansieringsmekanismer og anbodsprosessar

·  Franske aktørar er relevant for norske bedrifter som ønskjer å utforske dei franske moglegheitene

 
 

Webinar 10. desember

I samarbeid med Innovasjon Norge inviterar Hub for Ocean medlemsbedriftene til eit webinar om marknadsmoglegheitene i Frankrike 10. desember 13:00 - 14:00. Alle medlemmer får kalenderinvitasjon inkludert webinarlenke på e-post.

 
Illustrasjonsbilete av Vision of the fjords. Foto: Sverre Hjørnevik

Illustrasjonsbilete av Vision of the fjords. Foto: Sverre Hjørnevik

 

Spørsmål?

Har du spørsmål eller kommentarar? Ta gjerne kontakt.

 
Siri Odijk Solbakken.jpg

Siri Odijk Solbakken

Kommunikasjonsrådgjevar
Hub for Ocean

siri@hubforocean.no
Tlf.: 977 53 065

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Internasjonal interesse for Hellenes nye teknologi

Neste
Neste

Har bestilt brønnbåt: - Sikrer fiskens ve og vel på en kostnadsoptimal måte