Tilbake til alle arrangementer

Jenter og teknologi

Kor: Florø kulturhus, Florø
Når: 10. november


Nysgjerrig på teknologi og realfag? 10. november inviterer vi jenter i 9. klasse til ein inspirasjonsdag med fokus på teknologi- og realfagsyrke. Her kan du møte kule damer som jobber/studerar innan teknologi og realfag - i tillegg til å delta i konkurranse og prøve ny teknologi!

På inspirasjonsdagen lærar du korleis det er å jobbe i forskjellige yrker. Blir du nysgjerrig på yrket kan damene gi deg råd til kva du burde søke på på vidaregåande skule og høgare utdanning. Spør i vei - her er ingen spørsmål dumme!

Desse yrkene blir du bedre kjent med:

  • Kranførar

  • Programmerer

  • Elektriker

  • Prosjektingeniør

  • Anleggsleiar

  • Elevar på TIP (Teknologi- og industrifag)

  • Fysikklærer

  • Utviklingsingeniør

  • Rørlegger

  • Marin biolog

  • Styrmann og Maskinsjef


Kvifor arrangerer vi denne dagen?

Målet med dagen er å vise deg kva som finst av moglegheiter der ute. Mange av medlemmane i Hub for Ocean ønsker å tilsette dei har gått yrkesfag på vidaregåande skule, eller som har studert realfag eller teknologi på høgskulen. Kanskje du er den dei har bruk for om nokon år?

Inspirasjonsdagen er arrangert av Hub for Ocean og Kinn kommune.


Tilbakemelding fra elevane

Det har vore ein veldig kjekk dag” - Christine.

“Jøss, så spanande. Her var det mange yrke å velje blant!” - Miriam

Eg synest vi gjerne kan ha slike dagar oftare. Det gir oss nye idear på kva vi kan utdanne oss til” - Isabella


Hei!

Lurar du på noko? Ring meg gjerne eller send meg ein e-post.

 

Siri Odijk Solbakken

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 977 53 065
siri@hubforocean.no

Forrige
Forrige
2. november

Digital prosjektverkstad

Neste
Neste
18. november

Konkurransetilsynets bærekraftkonferanse 2022