Vi er på flyttefot
Frå nyttår vil du finne oss i andre etasje i det BREEAM-sertifiserte bygget på Fugleskjærskaia!
Hub for Ocean har signert ein leigeavtale med Florø Hamn for kontorlokale i det nye bygget på Fugleskjærskaia. Bygget er BREEAM-sertifisert og eit signalbygg på kaia, og vi gleder oss til å flytte inn ved nyttår i splitter nye lokale med panoramautsikt mot havet, fjella og byen.
Frå nyttår vil du finne Hub for Ocean på Fugleskjærskaia. Foto: Maria Hunvik
Vi vil tilrettelegge for at medlemmer som kjem på besøk i Florø har ein plass dei kan sette seg ned og jobbe og har derfor satt opp to gjesteplassar på kontoret, som medlemsbedrifter og samarbeidspartnarar kan nytte.
Berekraft i fokus
Gjennom Havrom 2050, Hub for Ocean sitt berekraftsprogram, har organisasjonen bistått medlemmar til å nytte sirkulær økonomi i forretningsmodellen og bli rusta i overgangen til ei meir berekraftig framtid. Då er det viktig at organisasjonen også har fokus på berekraft i eiga verksemd:
Med eit fokus på berekraft for våre medlemmer, er det like viktig at administrasjonen også har fokus på dette. Derfor er det kjekt å flytte inn på Fugleskjærskaia med BREEAM sertifisering. Det er tydeleg at ein har fokusert på å at bygget skal ha minst mogleg miljømessig påverknad - før, under og etter bygging, avsluttar Kristin Svardal.
Stein Kvalsund, Linda Mortensen Midtbø (Florø Hamn KF) og Kristin Svardal gler seg til å bli naboar i nytt bygg frå nyttår. Foto: Maria Hunvik
Vi sjåast på Fugleskjærskaia!
Er du på jakt etter lokale til di bedrift? Det er fortsatt plass til fleire på Fugleskjærskaia, ta kontakt med Henriette Hatling i Florø Hamn for meir informasjon.
-
BREEAM (Building Research Establishment’s Environmental Assessment Method) er ein internasjonal anerkjent metode for å måle eit bygg sine berekraftige eigenskapar. BREEAM vart lansert I 1990 og sidan det har 530.000 bygg blitt sertifisert i over 70 land.
Spørsmål eller kommentarar til saka?