Brødrene Aa sine båtar fekk ein varm velkomst i Hellas
Brødrene Aa sine 3 nye AERO-hurtigbåter har blitt godt tatt i mot i Hellas. I går var det klart for ei storstilt feiring.
ATTICA GROUP har kjøpt 3 hurtigbåtar av frå Hyen-selskapet Brødrene Aa. Dei 3 båtane dro frå verftet i Hyen i juli og kom fram til Hellas 1. august. Hurtigbåtane blei umiddelbart sett i trafikk og fekk ein varm velkomst frå det greske folket. I går var det klart for ei storstilt feiring i Port of Piraeus, den største passasjerhamna i Europa.
Gode nyheiter for miljøet
Storstilt feiring i Hellas i går for AERO Highspeed 1, 2 og 3.
Årleg reiser over 3 millionar passasjerar mellom de saroniske øyene i Hellas. Desse vil få ein betydeleg oppgradering av reisetilbodet no når dei nye hurtigbåtane er i drift. Hurtigbåtane er med på å auke totaltkapasiteten på ruta betydeleg. I tillegg legg nyskapande funksjonar på båtane til rette for ei behageleg reise for passasjerane.
- Vi er veldig fornøgde og stolte av at fartøya våre no seglar i dei krevjande greske farvatna, i hendene på ein av dei største ferjeoperatørane i Europa, seier administrerande direktør i Brødrene Aa, Tor Øyvin Aa.
Hurtigbåtane er bygd i lettvekt karbonfiber-kompositt. Den lette konstruksjonen vil bidra til ein reduksjon i utslepp og drivstoff-forbruk. I tillegg er det montert solceller på taket som generer nok straum til lys og anna energiforbruk i dei innvendige passasjerområda.
- Investeringa i AERO Highspeed-fartøya bidreg til ein reduksjon av ATTICA GROUP sitt miljøfotavtrykk, og hjelper oss godt på veg i overgangen til ein grønare og meir konkurransedyktig økonomi, sa dagleg leiar i ATTICA GROUP, Spyros Paschalis, på den storstilte markeringa i går.
Fakta om AERO Highspeed 1, 2 og 3
Kvar av båtane har plass til 150 passasjerar.
Med full last har hurtigbåtane ein maksimum hastigheit på 32,2 knop.
Kvar hurtigbåt er 36 meter lang og 9,7 meter brei.
Spørsmål eller kommentarar til saka?
Ta gjerne kontakt.
Siri Odijk Solbakken
Kommunikasjonsrådgjevar
+47 977 53 065
E-post