Velkomen som medlem, Enerin

Enerin er ein pioner innan høgtemperatur varmepumper, som kombinerer energieffektivisering med teknologi for berekraftig oppvarming og industribruk. Med si innovative løysing, HoegTemp, arbeider Enerin for å redusere energiforbruk og dekarbonisere varmemarknaden både nasjonalt og internasjonalt. Med solide røter i Florø, er dei no klare til å styrke si rolle som medlem av Hub for Ocean for å bidra til grøn omstilling i maritim industri og energikrevjande sektorar.

Vi snakka med Trond Atle Asphjell, COO og partner i Enerin, for å få eit betre innblikk i selskapet.

Kva er Enerins hovudfokus for augeblikket?

Hovudfokuset i ENERIN for augeblikket er å setje i drift to nye HoegTemp høgtemperatur varmepumper hjå GE Healthcare Lindesnes og Pelagia Måløy. Vidare er nye kontraktar for varmepumpeleveransar under oppsegling, og det er svært stor interesse frå utlandet. I sommar blei vi presenterte som finalistar i Empire Technology Prize i New York, der vi som einaste ikkje-amerikanske deltakar får høve til å demonstrere vår teknologi som løysing for å dekarbonisere oppvarming av høghus i staten New York – der om lag 70 % av byggja over 7 etasjar er dampoppvarma. Programmet går fram til neste haust, og det er travelt med å finne demontrasjonspartnarar og prosjekt for å avansere vidare i prisprogrammet. Uansett gir dette oss ein svært god moglegheit for marknadsintroduksjon inn i det amerikanske marknaden.

Kva er deira hovudfokus for berekraft?

Auka berekraft er noko vi tilbyr kundane våre gjennom vår teknologi som energieffektiviserer industri og andre varmebehov, samt i mange tilfelle reduserer vatn- og kjemikalieforbruk. Internt består vår berekraftstrategi av at:

  • Tilsette skal ha ordna arbeidsforhold, både etisk og HMS-messig.

  • Fram til i år har vi utelukkande hatt mannlige tilsette og styremedlemmar, men i år fekk vi ansatt ei kvinne som kommunikasjonssjef og to svært kompetente kvinner i styret vårt.

  • Vårt energiforbruk er stort sett relatert til reise og kontorlokaler. Vi har ei overvekt av elbilar i privat eige hos dei tilsette som vert nytta mykje i reisesamanheng. Vi har også forsøkt å nytte tog der det er mogleg, men upåliteleg framkomst og kostnad har gjort at vi har gått over til meir bruk av fly ved lengre reiser. Vi har fått rekneskapskontoret som fører rekneskapen vår til å registrere reisene våre, slik at vi kan oppgi årlige utslepp i årsrapportane framover.

  • Vi har eit større tal underleverandørar i fleire land som vi har planar om å følgje opp ESG-profilen til, og vi kjem til å stille større krav til deira profiler når vi kjem i posisjon til det.

Kva er deira tankar for framtida, spesielt innan energibransjen?

Vi har ein unik posisjon i utviklinga av høgtemperatur varmepumper, og dermed stort fokus på oss. Denne posisjonen ønskjer vi å halde på, og vi satsar mykje på å posisjonere oss i unike nisjar, samtidig som vi også konkurrerer i det breie og kjempestore marknaden for høgtemperatur varmepumper. I Europa kan teknologien vår redusere det industrielle varmebehovet mellom 100 og 200 °C med 300 TWh/år. Dette tilsvarar omtrent bortfall av russisk gass i det europeiske marknaden.

Vårt fokus blir å klare skalerings samtidig som vi utviklar produktet vidare og opprettheld vår leiarstilling i utviklinga.

Korleis jobbar de med innovasjon og utvikling av nye løysingar innan energi?

Vi har eit fagleg sterkt team som til saman har over 100 års erfaring med varmepumper, og dei fleste av oss har arbeidd med utvikling i fleire selskap med høgtemperatur varmepumper i løpet av dei siste 20 åra. Vi har hatt og har mange FoU-prosjekt støtta av NFR, Innovasjon Norge, ENOVA og EU – både aleine og saman med andre fagmiljø på universitet i Europa og teknologipartnarar i industrien.

Vi har også bidratt med tenester i andre selskapers teknologiutvikling.

Kvifor valde de å bli medlem i Hub for Ocean?

Med utspring i Florø har vi over fleire år hatt jamnleg kontakt med miljøet, og i dei siste åra har vi blitt trekt meir inn i arrangement og prosjekt i regi av Hub for Ocean. Teknologien vår har mange moglegheiter til å bli nytta i relevante prosjekt og vere ein del av løysinga for å dekarbonisere og energieffektivisere den maritime næringa og industrien knytt til denne – og samstundes vere ein del av løysinga på utfordringa innan kraftforsyninga i regionen for elektrifiseringa/dekarboniseringa og kraft til nyetableringar.

På bakgrunn av dette blei det etter kvart naturleg for oss å bli medlemmer i Hub for Ocean.


Er du nysgjerrig på eit medlemsskap i Hub for Ocean? 

Ta gjerne kontakt med oss, eller les meir om oss her

Sarah Sundquist

Trainee innen kommunikasjon og eventkoordinering
+47 458 86 725

E-post
LinkedIn

Forrige
Forrige

Fjord1 har kjøpt Osterøy ferjeselskap

Neste
Neste

Stadt Sjøtransport: Lokal aktør med fokus på berekraft