Fjord1 har kjøpt Osterøy ferjeselskap

Fjord1 styrkar marknadsposisjonen gjennom oppkjøp av Osterøy ferjeselskap.

 

Fjord1 har fullført oppkjøpet av Osterøy Ferjeselskap, eit viktig steg i selskapet sin strategi for framtidig vekst og styrking av posisjonen i marknaden.

Oppkjøpet inkluderer 100 prosent av aksjane i selskapet, og generalforsamling med val av nytt styre vart gjennomført onsdag.

Osterøy ferjeselskap har sidan stiftinga 1. desember 2003 trafikkert sambandet Breistein–Valestrand, og driftar dei to fartøya MF Ole Bull og MS Ospenes. Selskapet har 10 faste tilsette og har opparbeidd seg eit godt rykte for påliteleg teneste. Frå nyttår startar ein ny kontrakt på vegne av Skyss som varer til 1. desember 2027.

Forretningsutviklar i Fjord1 og styreleiar i Osterøy ferjeselskap, Tor Vidar Kittang, er tilfreds med oppkjøpet:

– Osterøy Ferjeselskap representerer eit samband som ligg nært våre eksisterande ruter og er ein naturleg del av Fjord1 sin portefølje. Dette oppkjøpet er i tråd med vår strategi om å sikre framtidig vekst og utvikling i marknaden.

Med oppkjøpet legg Fjord1 til grunn at dagens drift og leiing i Osterøy ferjeselskap vert vidareført utan endringar, noko som sikrar kontinuitet for både passasjerar og mannskap.

Eigarskiftet vil bli markert om bord i MF Ole Bull fredag 15. november, der passasjerar og mannskap vert inviterte til å delta i feiringa.

Kontakt for ytterlegare informasjon: Tor Vidar Kittang, forretningsutviklar i Fjord1 og styreleiar i Osterøy ferjeselskap. Mobil: 415 36 425.

Om Fjord1: Fjord1 har si kjerneverksemd innan ferjetransport, og er det leiande ferjeselskapet i Noreg. Selskapet har også aktivitet knytt til hurtigbåt og cateringkonseptet Ferdamat. Fjord1 er eit innovativt selskap med store ambisjonar innan det grøne skiftet og ny teknologi. Målsetnaden er å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Hovudkontoret er i Florø, og det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.

Forrige
Forrige

Hub for Future – oppsummert

Neste
Neste

Velkomen som medlem, Enerin