Vel blåst nettverksamling

 

10 – 11. November kunne vi endelig samle aktørar til nettverksamling for fagleg påfyll, nettverksbygging og mingling. Frå Vadsø i nord til Sandefjord i øst samla 80 aktørar innan den maritime næringa seg i Florø for å høyre meir om tema som «bærekraft som utviklingsmoglegheit» og «framtidas fiskeflåte».


Konferansier Sandra Nekkøy, forretningsutviklar i Hub for Ocean, leia oss gjennom dei to dagane med interessante foredrag frå Fiskebåt, Norwegian Circular Materials Technology og Fjord Base/INC Gruppen for å nemne nokon.

Det var endelig anledning for å mingle litt igjen. Foto: Hub for Ocean

Speed-dating var svært ettertrakta hos dei påmelde og tilbakemeldingane tyder på at den var vellykka. Fleire frå speed-datinga rapporterte om at dei fekk nye koblingar med aktørar dei ikkje trudde hadde nokon fellestrekk med eller at det var spennande prosjekt på gang som dei ønska å følge med på vidare.

Det var også lagt opp til samtalar om «berekraft som utviklingsmoglegheit og konkurranse kraft» og «framtidas fiskeflåte». Her samla ein aktuelle aktørar frå næringa for dialog og i tillegg var det lagt opp til spørsmål og innspel frå publikum for å få ein god dialog rundt viktige tema. 

Under dag 1 samla Jo Dale Pedersen (Sparebanken Sogn og Fjorda), Stig Førde (Fjord Base) og Helene Frihammer (NHO) seg til samtale om “berekraft som utviklingskraft og konkurransemoglegheit”. Foto: Hub for Ocean

På kvelden fekk deltakarane høve til å nyte ein tre-retters middag i godt selskap, og under middagen var det også ein overrasking på lur. Gammen, det lokale mannskoret i Florø, var innom Haavebua for å spele nokre låter og stemme i allsang hos deltakarane.

Alfred Bjørlo og Stein Kvalsund diskuterer korleis det skal bli utvikling i kystnæringa.

I programmet var det ein bolk med “to be announced” på dag 2, der Alfred Bjørlo deltok i ein liten samtale med Stein Kvalsund, dagleg leiar i Hub for Ocean. Her diskuterte dei kystnæringa og korleis ein skal sørge for utvikling i næringa.

Her kjem både Alfred og Stein med eit klart bodskap; Kystnæringa må vere enda meir frampå og gjere seg synlege i stortingskorridorane!

 

Vi håpar å sjå nye og gamle fjes under neste nettverksamling!


Spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik(a)hubforocean.no

 
 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Evoy flytter inn i nye lokaler

Neste
Neste

Levering av siste brønnbåt i same serie