Evoy flytter inn i nye lokaler

Draumen om hurtige elektriske båtar starta allereie i 2005, da Leif Stavøystrand og faren hadde ein av sine whiskey workshops. Denne ideen klistra seg hos Leif heilt fram til 2018, da han grunnla Evoy på guterommet heime. Sidan den gang har Evoy hatt ein enorm vekst, og er no oppe i 30 tilsette fordelt på 8 nasjonar. Ein konsekvens av dette er at dei no har flytta ut av sine lokale i Peak Florø og inn til nye, større lokale i Hamregata.

 

Bakgrunn

Evoy leverer 100% elektriske og nøkkelferdige framdriftssystem for nye og eksisterande båtar med ein visjon om å eliminere marint utslepp. Systema på opptil 800hk er designa og testa for å fungere i dei tøffaste forholda i verda, Noreg si kystlinje. Dei er den einaste aktøren som leverer elektriske high output system, som betyr at det er fullt mogleg å komme opp i høg fart utan problem/motorane er produsert for hastigheit.  

 

Foto: Gaute @ Photoevent Førde

 

 Tettare band

I dei nye lokala har dei samla både produksjonslokale og kontor i eit bygg, tidlegare var dette separert. Dette betyr at det no er eit tettare band mellom produksjon og kontor, og dermed til rette lagt for høg aktivitet og saumlaus kommunikasjon. Dei nye lokala har også eigne møterom, kjøkken og ledige kontor klare til når dei treng fleire tilsette. Det er lagt opp til at dei skal kunne vere her lenge sjølv om dei har planar om å vekse seg mykje større.

 

I flyttinga fekk dei også nye produksjonslokaler. Teknikarane er svært nøgde med dette sidan det betyr 3 – 4 gongar større areal med god belysning og gode lager moglegheiter.

 

Dei nye produksjonslokala har stort golvareale med god takhøgde. Her har teknikarane god plass til delar og produksjon.

 

 Vegen mot skalering

 

Marius Dyrseth, CTO i Evoy. Foto: Evoy

I gangen møter vi Marius Dyrseth, CTO i Evoy. Han fortel at dei det siste året har jobba med steget frå prototyping til serieproduksjon. I denne prosessen har det vore mykje testing og samanlikning av komponentar, design og software for best mogleg resultat/høgast mogleg kvalitet.

 

I September var Leif ein av foredragsholdarane på Oslo Innovation Week 2021, eit arrangement som samlar norske og internasjonale miljø innan innovasjon, næring og oppstart. Her fortalte han om reisa til Evoy og vegen frå prototype til serieproduksjon. Leif fortel at det er krevjande å lage prototype, men det er enda meir krevjande med serieproduksjon. Her må ein ha fokus på produksjon av høg kvalitet og ei god forsyningskjede frå bestilling av varer til kunden har fått produktet. Det er mange punkt som må på plass for å få ein saumlaus produksjon. Dette er ein tanke som Dyrseth også deler.

 

Til no leverer dei innanbords og utanbords motorar fordelt på tre modellar, Gale, Storm og Hurricane. Etterkvart vil det komme fleire nyheter frå Evoy, så her er det berre å følge med.

 

Spørsmål eller kommentarar til saka?

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik(a)hubforocean.no

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Nytt og spennande servicebåtkonsept under utvikling

Neste
Neste

Vel blåst nettverksamling