Østerbø maskin og Ecomerden inngår rammeavtale

 

Østerbø Maskin har inngått eksklusiv rammeavtale på levering av PE-rørsystem til dei semilukka merdene til Ecomerden. – Dei har solid kompetanse innan havbruk og er i stadig utvikling innan plast-segmentet. Så dette er eit samarbeid vi har trua på, seier dagleg leiar Jan Erik Kyrkjebø i Ecomerden AS.

Richard Cornell (adm.dir) og Steinar Holen (leiar mekanisk) i Østerbø maskin framfor utstyret for plastsveising av 1200 mm rør.

Richard Cornell (adm.dir) og Steinar Holen (leiar mekanisk) i Østerbø maskin framfor utstyret for plastsveising av 1200 mm rør.

Avtalen gjeld kjøp av PE-plastrør eksempelvis til røyrleidningar for innsug og strømningskanalar. Østerbø vil også ha prosjektansvar knytt til leveransen av desse PE-produkta. Avtalen er eksklusiv for lukka merdsystem og gjeld i første omgang i fem år.

- Vi er glade for å få på plass denne avtalen, seier administrerande direktør i Østerbø Maskin AS, Richard Cornell. – Vi har trua på konseptet til Ecomerden med bruk av aluminium og plast i semilukka system. Med denne avtalen legg vi grunnlaget for auka og utvida samarbeid og tenesteyting etter å ha jobba saman i fleire år.

Han fortel at investering i nytt utstyr og kontinuerleg kompetanseheving av tilsette er nokon av tiltaka i satsinga på plast og rørsystem i Østerbø. Dei har siste åra utført mange større leveransar av rørsystem både på land og til sjøs.

Om Østerbø Maskin og Ecomerden

Ecomerden AS utviklar, produserer og leverer lukka merdsystem for produksjon av postsmolt og matfisk. Østerbø Maskin AS leverer litande løysingar innan reservekraft, utstyr til havbruksnæringa og elektromekanisk produksjon. Dei har lang og brei erfaring innan elektro, mekanisk, prosjektstyring frå start til slutt og service og montasje.

Meir Informasjon kan de få av:

Richard Cornell, CEO Østerbø Maskin AS: richard@osterbo.no, 952 31 652

Jan Erik Kyrkjebø, CEO Ecomerden AS: janerik@ecomerden.no, 926 20 065


 
IMG_7441.jpg

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik(a)hubforocean.no

 
 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Brødrene Aa og Fjord Base i Grønn Plattform prosjekter

Neste
Neste

Fiskeri- og sjømatminister satt første byggestein i nytt torskeyngelanlegg