Ny dagleg leiar i Havyard Ship Technology AS
Lasse Stokkeland har valt å trekkje seg som dagleg leiar i Havyard Ship Technology AS ("HST"), der styret har utpeikt Erlend Hatleberg som ny dagleg leiar.
Konsernsjef i Havyard Group ASA ("HGR") og styreleiar i HST, Geir Johan Bakke, takkar Lasse for innsatsen som dagleg leiar i det som har vore ei utfordrande tid for verftet.
Eg er glad for at Erlend har teke utfordringa og er motivert for jobben som ny dagleg leiar i HST. Erlend er opphavleg frå Leirvik. Han brenn for lokalsamfunnet, og har ved å leie nokre av dei mest krevjande prosjekta ved HST synt at han har kompetansen og røynsla som krevst for å leie eit verft i omstilling mot effektivitet og lønsemd.
Erlend Hatleberg er 43 år, oppvaksen i Leirvik i Sogn og bur no i Dale i Sunnfjord. Han er utdanna ingeniør i 2003 og har arbeidd mellom anna i Fundo. Han byrja på teknisk avdeling i HST i 2009. Erlend vart prosjektleiar i 2011 og har stått for leveransar av PSV-båtar, konstruksjonsfartøy, isbrytarar for russiske reiarar og no for de nye ferjeserien til Fjord1.
Som ein del av endringa i leiinga ved HST blir Stig Breidvik ny produksjonssjef. Stig er 52år og bur i Leirvik i Sogn. Stig har vore tilsett ved HST sidan 1988 og har hatt ulike stillingar innan produksjonsleiing, i dei siste 10 åra som prosessleiar produksjon.