Multi Maritime AS har kjøpt Polarny Maritime D&E AS

Multi Maritime AS i Førde er det leiande skipsdesignfirmaet for bil og passasjerferjer I Norge, og har lenge sett behovet for å auke kapasiteten sin, satse meir internasjonalt samt å utvide kompetansen innan andre skipstypar. Selskapet har difor gjennomført eit strategisk oppkjøp ved å kjøpe alle aksjane i skipsdesignfirmaet Polarny Maritime D&E i Florø.

Administrerande Direktør i Multi Maritime AS, Mikael Johansen og Styreleiar i Polarny Maritime D&E AS, Gustav Johan Nydal er svært fornøgd med avtalen:

Dette vil være et løft for begge selskap og samen får vi et enda sterkare kompetansemiljø med større bredde og kapasitet.


Multi Maritime AS ble etablert i Førde i 1983 og har sidan 2010 vore heileigd av Fiskerstrand Holding AS. Selskapet har i dag 30 faste tilsette og med samarbeidspartnarar ein total kapasitet på ca. 50. Selskapet har i løpet av sin 36 år lange historie levert design til over 100 nybygg og har for tiden 11 under bygging hos forskjellige verft. Multi Maritime AS innehar kompetanse og erfaring til alle steg i byggeprosessen frå konseptutvikling til detaljteikningar.

Multi Maritime AS har hatt særleg fokus på utvikling av ferjer og har i samarbeid med fleire ferjereiarar stått i spissen for utvikling av elektriske og hybridiserte fartøy. Selskapet er eit av dei fremste i verden på denne typen fartøy og har hittil utvikla og levert design på 25 slike fartøy i tillegg til mange ombyggingar av fartøy til hybrid og elektrisk framdrift.

Polarny Maritime D&E AS har i dag 11 tilsette og med samarbeidspartnarar ein total kapasitet på ca 20. Selskapet har lang erfaring med utvikling av spesialtankskip, og har dei seinare åra også satsa på utvikling av bil og passasjerferjer og opparbeidd god kompetanse på dette området. I tillegg har Polarny Maritime D&E kompetanse innan oppdrettsnæring og landbasert prosessindustri. Polarny Maritime D&E AS har internasjonal erfaring og ein kompletterande kundemasse til Multi Maritime AS sine kundar.

Styreleiar i Polarny Maritime D&E AS, Gustav Johan Nydal seier at dei har lenge sett at dei blir for små både for kunne ta på seg store prosjekt og til å kunne satse meir internasjonalt. Samtidig har dei alltid hatt eit ynskje om å få til eit større skipsingeniørmiljø i Sunnfjord og det får vi til ved å bli ein del av Multi Maritime AS seier Nydal.

Multi Maritime AS vil etter oppkjøpet framleis ha hovudkontoret sitt i Førde og avdelingskontor i Bergen og Florø. Alle tilsette i Polarny Maritime D&E AS blir med inn i Multi Maritime AS.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Presentasjonar frå nettverkssamling

Neste
Neste

Ny dagleg leiar i Havyard Ship Technology AS