70% opplever negative konsekvensar av Koronaviruset

Nesten 70% av medlemmane i Hub for Ocean (Hfo) og Ocean Hyway Cluster (OHC) melder om «negative» eller «svært negative» økonomiske konsekvensar som følgje av Koronaviruset. “Vårt ønskje er at midlar vert sett inn, og vert nytta som tiltak for å  skape nye løysingar og produkt frå næringslivet”, seier dagleg leiar i HfO og OHC, Stein Kvalsund.

 

 

33 medlemsbedrifter i Hub for Ocean (HfO) og Ocean Hyway Cluster (OHC) har svara på ei undersøking om følgene av viruset. Medlemane er leverandørar til dei havbaserte næringane og aktørar innan hydrogenindustrien. Undersøkinga var open frå måndag 16. til tysdag 17. mars kl. 14:00.  Dette er hovudfunna i undersøkinga:

  • 66,5% opplever «negative» eller «svært negative» økonomiske konsekvensar som følgje av Koronaviruset

  • 15% av medlemsbedriftene har måtte permittere tilsette per 16.03. Talet på permitterte personar per bedrift varierar mellom 4 og 30.

  • 48,5% av medlembedriftene vurderer å permittere tilsette i løpet av dei neste 7 dagane.

I ein open svarboks i undersøkinga flaggar ei rekkje av medlemane kor viktig det er at små og store bedrifter er tolmodige med kvarandre i ei utfordrande tid. Det blir etterlyst at Regjeringa kjem med ein visjon som inneber noko utover at bedriftene skal overleve. Så lenge det er trygt bør Regjeringa stimulere til at nye prosjekt blir sett i gong, slik at dei permitterte kan få arbeid å gå til. Medlemmane i Ocean Hyway Cluster trekkjer særleg fram at det er viktig at den positive utviklinga ein har sett for maritim bruk av hydrogen ikkje stoppar opp på grunn av Korona.

Midlar til innovasjonsprosjekt

Dagleg leiar i HfO og OHC, Stein Kvalsund, meiner dette er ei tid for å sjå framover:

 

I ei tid der bedriftene vert råka av ein global krisesituasjon er det òg viktig å sjå framover. Saman med bedriftene ønskjer vi å ta eit nytt steg inn i framtida for å skape nye produkt og tenester.

 

Hovudkonklusjonen i den nye Vestlandsmeldinga er at eit taktskifte i den «grøne omstillinga» kan bety 80 000 nye, berekraftige arbeidsplassar og ei dobling av den totale verdiskapinga i nokre av dei viktigaste næringane i regionen vår. Kvalsund oppfordrar myndigheitene til å leggje midlar til innovasjonsprosjekt inn i tiltakspakkane:

 

Både regjering og storting kjem med gode pakkar til næringslivet for krisehandtering som sikrar drifta ved mange bedrifter. Vårt ønskje er at midlar vert sett inn, og vert nytta som tiltak for å  skape nye løysingar og produkt frå næringslivet. Vi representerer eit nettverk av bedrifter som både enkeltvis og i samarbeid utgjer ein stor kapasitet for innovasjon, seier Kvalsund.

1S0A0971.jpg
 

Eg håper at vidare utarbeiding av tiltakspakkar, ikkje berre vert nytta for å sikre eksisterande satsingar eit «liv etter Korona». Men at midlane òg kan nyttast til innovasjonsprosjekt for å sikre framtidig konkurransekraft når vi er tilbake til normalen igjen. Realisering og bruk av hydrogen i maritim sektor kan vere ei slik type satsing som bidreg til framtidig konkurransekraft og sysselsetting, avsluttar han.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Innovasjon Norge åpner pengesekken

Neste
Neste

Koronavirus: Avlyst arrangement & gode informasjonskjelder