Koronavirus: Avlyst arrangement & gode informasjonskjelder

Vi i Hub for Ocean har tatt nokon viktige grep med tanke på smittefare. Vi har fokus på reinhald, og gjer ein løpande tryggleiksvurdering med tanke på møter og arrangement som vi etter planen skal arrangere. Studieturen til Orknøyene 28. – 29. april 2020 har vi dessverre måtte utsetje til hausten eller april 2021. Vi kjem tilbake med meir informasjon så snart den nye datoen er sett.

Vi vurderar å gjere nokon av arrangementa våre om til webinar, slik at ein kan få informasjon og inspirasjon på trygg avstand frå kvarandre. Vi oppmodar folk til å nytte telefon, e-post eller videomøte når dei skal kontakte oss, så framt det ikkje er nødvendig å møtast ansikt til ansikt.

Alle i Hub for Ocean/ Ocean Hyway Cluster er i arbeid og føler seg friske, så tiltaka er berre sett i verk for å vere føre var. Fleire av medlemmane våre tilbyr tenester som kan vere nyttig med tanke på redusering av smittefare, som til dømes smittevask. Kontakt oss gjerne dersom du har spørsmål relatert til dette og eller anna. 

Gode kjelder til informasjon

  • Folkehelseinstituttet oppdaterer informasjon og råd fortløpande, og vi anbefaler alle å følgje desse.

  • NHO har utvikla eit omfattande dokument som gjev generelle råd til bedrifter om mellom anna smitte, permittering, sjukemelding, karantene og reise. Vi anbefaler at desse råda blir følgt.

  • NHO har juristar som kan gje rådgje på spørsmål knytt til arbeidsrett i forhold til Koronaviruset. Arbeidsgjevarservicen er tilgjengeleg for medlemmer av NHO.

  • NAV gjer løpande endringar i reglane sine om sjukemelding i forbinding med Korona-viruset. Siste nytt frå NAV finn du her

hygieneplakat_smitte_koronavirus.jpg
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

70% opplever negative konsekvensar av Koronaviruset

Neste
Neste

Vi støttar Kloden vår