Møt den nye bemanningskonsulenten i Adecco Florø
Adecco er eit rekrutterings- og bemanningsbyrå med kontor i Florø og Sogndal. Dei rekrutterer innan blant anna industri og anlegg, logistikk, kontor, helse, hotell og reiseliv. Det er eit aukande behov hos fleire arbeidsgivarar etter gode kandidatar, og Adecco arbeider mot å knytte arbeidsgivarar og kandidatar saman.
Nina Liseth er bemanningskonsulent i Adecco Florø, og arbeider med rekruttering til midlertidige og faste stillingar. Ho fortel at ho har ein svært variert kvardag med spennande oppgåver. Det kan være alt frå å prate med jobbsøkarar for å kartlegge kvalitetar, sende CVar frå databasar til bedrifter som etterspør arbeidskraft og kartlegge ledige stillingar i området. Dersom Adecco kjem over ei utlyst stilling, kan det vere at dei tipsar ein aktuell kandidat. Det er ei spesiell glede i å finne ei god løysing for arbeidstakarar og hjelpe arbeidssøkarar ut i arbeidslivet, fortel Nina.
Vakuum i arbeidsmarknaden
Ho snakkar om at næringslivet i Florø er spennande, og at det er stor aktivitet i arbeidsmarknaden i Florø. No er det utfordrande å få inn tilstrekkeleg med søknadar på utlyste stillingar, og det er bedrifter som tar kontakt med Adecco for å finne fleire aktuelle kandidatar. Lågt søkartall på utlyste stillingar kan vere at den ikkje blir marknadsført eller lagt ut på dei typiske plattformane der arbeidssøkarar leiter. Derfor arbeider Adecco også med å marknadsføre stillingar dei har på sosiale kanalar slik at fleire kan plukke dei opp. Det er viktig å treffe dei personane som også ikkje er i aktivt jobbsøkemodus.
Grunna pandemien og digitaliseringa som har vore dei siste åra, har ikkje tilsette fått den same medmenneskelege kontakten med sine kollegaer eller bedrifta. Dette gjer at tilsette ikkje får den same tilhøyrigheita til bedrifta, ein blir mindre limt til jobben og det vert enklare å bytte jobb. Nina syns det er viktig at arbeidstakarar fokuserer på dette framover og vise at den enkelte i bedrifta blir sett. I tillegg har det i mange bedrifter vore mindre aktivitet på vidareutdanning og kompetanseheving, noko som også gjer det lettare for arbeidstakar å bytte arbeidsgjevar.
Tips til jobbsøkarar:
Registrer deg på Adecco før du treng jobb, nokre stillingar blir aldri lyst ut
Signaliser åpenlyst i dine kanalar at du leitar etter jobb, dersom du allereie ikkje er i jobb
Bruk nettverket ditt for å få tips, snakk med interessante folk
Hugs attest/referanse uansett jobb, all jobb er gull verdt spesielt når du er fersk i arbeidsmarknaden
Er du i jobb-bytte modus og lurer på kva retning du skal gå, tenk utanfor boksen og sjå etter jobb som matchar dine interesser
På Adecco sine sider kan du lage profil, opprette jobbvarsel og finne utlyste stillingar
Spørsmål eller kommentarar til saka?
Maria Benæs Hunvik
Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik(a)hubforocean.no