Havyard Leirvik vann ombyggingskontrakt

 

Verftet i Leirvik vann kontrakta for ombygging av ferja MF Lote. Ferja skal gå Skaberget - Bognes over Tysfjorden i Nordland, og nullutsleppsferje var eit av krava for å få kontrakta.

2021 07 Havard ombyggingskontrakt.jpg

Dette er ei viktig kontrakt for Havyard Leirvik og representerer den første store ombyggingskontrakta etter å ha nettopp fullført eit stort nybyggingsprosjekt. Verftet er i sluttspurten på eit stort og svært krevjande nybyggingsprosjekt og har avgjort at framover skal det vere fokus på prosjekt innan ombygging og reperasjon.

Ombygging av MF Lote

MF Lote skal gjennomgå ei større ombygging, som inkluderer å gå frå dieseldrift til batteridriven drift. Norwegian Electrical System (Hav Group) skal levere systemet og ombygginga startar i November 2021. Ferja har per no fire framdrifts-thrustarar som blir drivne av fire dieselmotorar. Desse vil bli erstatta med elekriske motorar forsynt fra eit stort batterisystem. I følge Svein Olav Senneset i Fjord 1 er dette den same teknologien som blir brukt av elektriske ferjer som er i drift.

Vi (Fjord 1) valde Havyard Leirvik for jobben fordi vi har stor tru på at verftet har den nødvendige kunnskapen til å utføre denne ombygginga. Verftet har tidlegare hatt tidlegare prosjekt og føler oss trygge på at dei kan gjere ein god jobb. Svein Olav Senneset, Fjord 1


 
IMG_7441.jpg

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik(a)hubforocean.no

 
 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Evoy signerer partnerskap med Hukkelberg

Neste
Neste

Møt den nye bemanningskonsulenten i Adecco Florø