Leverandørkonferanse for hydrogendrift på ferja Bodø- Værøy-Røst-Moskenes

Operatørselskap og leverandørnæringa var samla i Bodø 22. august til dialog om hydrogendrift av et både langt og vêrutsett ferjesamband. Statens Vegvesen sitt arrangement samla 55 personar med sterk kompetanse på regelverk, teknologi og drift. Fleire medlemsbedrifter frå Ocean Hyway Cluster deltok på konferansen. Trond Strømgren representerte leiinga.

Energikrevjande samband
Ferjestrekninga Bodø-Moskenes er over 100 kilometer. Ein rundtur inkludert Værøy og Røst tek 8-9 timar. Fartøya i sambandet bruker kring 100.000 MWh per år. Det er fleire ferjer i drift, og ein del av fartøya går i rute berre i sommarsesongen. Farvatnet er eksponert for dårleg ver, og tryggleik er ekstra viktig i dette sambandet. I Noreg er det totalt 130 ferjesamband med ca. 200 ferjer.

Dialog kring utlysinga
Statens vegvesen skal no lyse ut ferjeruta til Moskenes, ev. saman med sambandet Bognes-Lødingen. Målsettinga er å sette nytt materiell i drift seinhaustes 2023. Leverandørkonferansen gav opplysningar om prosess, samstundes som frammøtte aktørar fekk høve til å presentere seg og kome med innspel til komande prosess. Statens vegvesen ønsker konstruktive innspel til korleis dei skal utforme utlysinga på beste måte. Frist for innspel er 4. september. Innspel kan gjelde både teknologi, økonomi, hydrogenproduksjon og andre relevante forhold.

Ulike synspunkt
Det kom ulike innspel frå operatørane. Ein aktør ønskte krav om flytande hydrogen, ein annan spelte inn biogass som eit betre alternativ og nokre ønskte å isolere hydrogenleveransane i eige anbod. Felles for mange operatørar var krav om utvida anbodsperiode (t.d. 15 år) for å sikre tryggleik i forhold til investeringane. Statens vegvesen bad alle melde inn sine innspel og lovde å ta alle med i vurderinga når dei utformar framlegg til utlysing. Framlegget går til departement og regjering kring nyttår.

Spørjerunde
Siste del av konferansen gav høve til å stille spørsmål til Statens vegvesen. Edvard Sandvik stod for dei fleste av svara.
- Det er ikkje aktuelt å dele opp anbod i to delar (rutedrift + hydrogenleveranse)
- Statens vegvesen kan etablere modellar som tek opp noko av risikoen med usikker hydrogenpris
- Pris blir viktigaste kriterium for tildeling
- Kan vurdere brutto eller nettokontrakt
- Det vil bli sett krav til CO2-fotavtrykk for hydrogenet, vil bli definert frå høgare hald
- Statens vegvesen kan avvike frå kravet om hydrogen om det ikkje er samfunnsøkonomisk
- Anbod vil vere ope for operatørar i heile EU, men dialogkonferansar etc. blir på norsk
- Det vil vere kvalifikasjonskrav for tilbydarane

 

Ta kontakt med Trond Strømgren om du vil vite meir frå konferansen.

Edvard Sandvik er avdelingsdirektør i Statens Vegvesen og leiar for ferjeteamet.

Edvard Sandvik er avdelingsdirektør i Statens Vegvesen og leiar for ferjeteamet.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Speakers at the 2019 Conference Maritime Hydrogen & Marine Energy

Neste
Neste

Kari Bjørbæk ny forsyningsleder for Equinor i Florø