Kari Bjørbæk ny forsyningsleder for Equinor i Florø
Denne veka blei det kjent at Kari Bjørbæk (39) har takka ja til stillinga som leiar for Equinor sin forsyningsbase i Florø. Bjørbæk har hatt ulike leiarstillingar i Equinor dei siste 12 åra. Ho kjem frå stillinga som leiande konsulent innanfor baseoperasjonar, der ho har hatt ansvar for å drive fleire forbedringsprosjekt på tvers av Equinor sine basar i Norge.
Det er forventa høg aktivitet framover, både gjennom auka aktivitet i SEP (Snorre Expansion) prosjektet, men og i samband med at Equinor skal i gang med å bore fleire brønnar. Denne aktiviteten vil gjenspeile seg innan baseoperasjonar, i tillegg til i Equinor si europahavn for rør (OCTG) som koordinerer all rørforsying frå Florø.
Equinor Florø er ein veldreven organisasjon, med eit solid team som innehar god kompetanse og erfaring.
Eg ser fram til nye utfordringar, og å jobbe for ei sikker og effektiv forsyning av Equinor si drift i Florø, avsluttar Bjørbæk i ein kommentar.