Julehelsing og eit kort tilbakeblikk på 2021.

«Vegen vert til mens vi går» er for mange eit kjent ordtak. På tampen av året 2021 kan det for oss i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster opplevast som at «vi har aldri gått denne vegen før, kva gjer vi no?». Men vi har halde fast på kursen vi la for 2021 for å nå ny anerkjenning både regionalt og nasjonalt i høve det arbeidet denne organisasjonen gjer på vegne av maritim næring.

 
 

I løpet av dei siste tre åra har vi utvikla eit nytt nettverk som er komplementært til det etablerte nettverket i Hub for Ocean gjennom programsatsinga Ocean Hyway Cluster som Norges leiande nettverk for hydrogenløysingar i maritime sektor, - og på mange måtar har vi no og bygd eit kompetansesenter for hydrogenverdikjeden innan vår næring. Vi fekk nasjonal anerkjenning i form av tildeling og ny status som viktig innovasjons- og næringsutviklingsaktør gjennom tildeling av Arena PRO status 15. november i Oslo. No kan vi sjå fram mot ei ny programsatsing i 5 år som har gjeve oss både utvida rammevilkår og vidare støtte for vår satsing på innovasjon og næringsutvikling. Vi tek mål av oss at alle våre nær 200 medlemmer og samarbeidspartar skal hauste av denne satsinga.

Eit anna satsingsområde vi har lagt stor vekt på i 2021 er programsatsinga Havrom 2050. Dette er eit Hub for Ocean-program, med støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som skal bistå den maritime industrien i overgangen til ei berekraftig framtid. Dette programmet er retta direkte til medlemsbedrifter i Hub for Ocean og Ocean Hyway Cluster, og deira underleverandørar og samarbeidspartnarar. Vi ønskjer med denne satsinga å auke berekraftsfokus og ikkje minst synleggjere korleis «vår» medlemsmasse kan utvikle sitt arbeid med berekraft på kort og langt sikt.

Utover medlemsmassen og ulike samarbeidspartar så er det administrative kollegiet i organisasjonen det viktigaste fundamentet for at vi har lukkast med vegval vi har gått i 2021. Eg ønskjer som dagleg leiar å gje dei all honnør for det arbeidet som er gjennomført dette året. Kvar og ein fortener både ei stor takk og ikkje minst hønnør for at vi har lukkast med å stå saman i eit utfordrande, men og meiningsfullt år.

Kva nye moglegheiter møter oss i året som kjem? Vi skal møte 2022 med opne armar og stå-på-vilje der vi yter maksimal innsats for at vi saman med medlemmer, samarbeidspartar og «heiagjengen» kan realisere både innovative nye løysingar og skape næringsutvikling for ei berekraftig næring.

Ønskjer dykk alle ei riktig god førjulstid og julefeiring. Ta godt vare på familie, vener og kollegaer slik at vi igjen kan møtast til utveksling og deling av idear for vidare utvikling av næringa.

God jul og eit riktig godt nytt år.
Helsing Stein Kvalsund og resten av Hub for Ocean-teamet.


 

Stein Kvalsund

Dagleg leiar
+47 976 98 785
stein(a)hubforocean.no

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

På jakt etter ny jobb?

Neste
Neste

Global Growth – Digitalisering og avkarbonisering av den maritime næringa i Singapore