Global Growth – Digitalisering og avkarbonisering av den maritime næringa i Singapore

Singapore er verdas leiande maritime hovudstad og i ferd med å transformere den maritime næringa gjennom digitalisering og avkarbonisering.

Har bedrifta di innovative løysingar på desse områda og eit ønske om å utforske marknadsmoglegheitene i Singapore? Meld din interesse for eksportprogrammet og delta i prosessen for å utforske forretningspotensialet på det maritime marknaden i Singapore.

 
 

Singapore er for tida den største omlastingshamna i verda. For å behalde konkurranseevna forvandlar dei hamnedrifta og den maritime verksemda gjennom teknologiske innovasjonar som maritime dronar, styrking av kyst- og satellittkommunikasjonen, utvikling av digitale plattformer og bruk av IOT, AI og maskinlæringsteknologiar. Autonome fartøy og drift er også under utprøving.

Singapore er også verdas største bunkringshamn og husar 5000 maritime organisasjonar og bedrifter. Med bakgrunn i IMOs avkarboniseringsmål for 2030 samt Singapore-regjeringas innsats for maritim berekraft, utforskar industrien aktivt bruken av reint alternativt drivstoff, og det er etablert eit globalt senter for maritim avkarbonisering i Singapore i år. Bedrifter i forsyningskjeda for bunkring ser på utviklinga av nødvendig infrastruktur og teknologi. Maritime myndigheiter undersøker også elektrifisering av rundt 1600 hamnefartøy og det er lansert felles industriprosjekt.

Skipsverft som tidlegare bygga oljeriggar, flytande borefartøy og plattformar skiftar strategisk fokus til fornybare energiprosjekt som havvind, karbonfangst om bord på skip, samt batteridrivne fartøy og hybridfartøy.

Les meir om programinnhald og kvifor du bør delta på Innovasjon Norge sine nettsider.


Spørsmål eller kommentarar?

 

Maria Brandsøy

Business Opportunity Manager
+47 905 23 543
maria(a)hubforocean.no

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Julehelsing og eit kort tilbakeblikk på 2021.

Neste
Neste

Are you interested in coming with us to the Orkney islands?