Innovasjonsrammen 2019

Har du ein ide som kan utviklast til eit prosjekt?

Medlemmer i Ocean Hyway Cluster kan no søke om midlar til å vidareutvikle nye idear med støtte frå Innovasjonsrammen. Gjennom Innovasjonsrammen kan klyngebedrifter få støtte til prosjekt i tidlege fasar av ein Innovasjonsprosess, enten til ein forstudie eller til eit forprosjekt.

Midlane får Innovasjonsrammen blir gitt til to typar prosjekt:

Forstudie
Dette er den aller første fasen i ein innovasjonsprosess. Formålet med ein forstudie vil vere å analysere potensialet i eit framtidig innovasjonsprosjekt. Ein forstudie kan støttast med inntil kroner 150.000.

Forprosjekt
Utgangspunktet her er ein prosjektide som vurderast som lovande både utifrå teknologiske og marknadsmessige vurderingar. Formålet med forprosjektet vil vere å vidareutvikle ideen gjennom å utarbeide prototypar eller pilotar, og gjennom å teste og validere produktet eller tenesten. Eit forprosjekt kan støttast med inntil kroner 300.000.


Merk at prosjekta må involvere samarbeid med andre bedrifter, og fortrinnsvis andre klyngebedrifter.

 Du finn meir informasjon om utlysninga her

To kontakt med oss på post@maritimsfj.no for å få meir informasjon, og tilsendt mal for søknad.

Frist for å sende inn søknad til Ocean Hyway Cluster er sett til 15. april 2019.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Frå Maritim Forening til Hub for Ocean - Lansering av ny profil

Neste
Neste

Multi Maritime har utvikla kombinert fôr- og frakteskip