Frå Maritim Forening til Hub for Ocean - Lansering av ny profil

2019 04 Rein Design ny profil.jpg

Vi i Rein Design er utruleg stolt av oppdraget med å utvikle den nye visuelle profilen til hub for ocean. Dette har vore eit spennande prosjekt og ikkje minst eit kjekt samarbeid frå start til ferdigstilling.

Før vi satt i gang med sjølve redesignet inviterte vi til ein kreativ workshop for å kunne bli betre kjent med menneska bak hub for ocean og å få ei forståing av bedrifta. Vi lærte masse! Hub for ocean fungerer først og fremst som eit nettverk for havnæringane, men dei er mykje meir enn det. Dei er ei bedrift som ønskjer å sjå menneska dei jobber med. Dei ser utover i den vide verda, medan dei forstår seg på det lokale og er stolte av at dei er lokalisert der det skjer. Ved fjordane som snor seg inn vest i landet og ved den vakre og ressursrike kysten. Dei er innovative og nyskjerrige.

Alt dette ville vi ta med oss vidare inn i formspråket til den visuelle profilen.  Vi ville presentere noko som føltes profesjonelt og moderne, internasjonalt og lokalt på samme tid. Inspirasjon til fargar, fontval og former vart henta frå havet. Bobler som stig frå havbotn, plankton som på sitt vis skapar sitt eige språk og nettverk i havet, fjorden som både er vill og stille på ei som samme tid.

Vi har utvikla ein ny logo, fargepalett,  samt eit symbol som representerer sjølve nettverket for havnæringane. Som bedrift i dag er ein tilstades på mange flater, både fysisk og digitalt. Det er derfor viktig at det visuelle uttrykket fungerer og kjem fram på fleire format, som visittkort, rollups, web og sosiale medier.

Tusen takk til Maria, Kristin, Stein og Trond for at vi fekk ta eit djupdykk i hub for ocean og utvikle den nye visuelle identiteten dykkar.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Presentasjonar frå nettverkssamling

Neste
Neste

Innovasjonsrammen 2019