Industriell og sosial symbiose

 

Kva er industriell og sosial symbiose?

Industriell og sosial symbiose handlar om korleis både aktørar og samfunn kan samarbeide for å utnytte materielle og menneskelege ressursar på ein måte som gir økonomiske, sosiale og miljømessige fordelar. Industriell symbiose fokuserer på deling av fysiske ressursar mellom aktørar, medan sosial symbiose byggjer på samarbeid og kunnskapsdeling for å styrkje innovasjon og samfunnsutvikling. Ved å kombinere desse to prinsippa kan ein oppnå ei meir heilskapleg og berekraftig utvikling.

Inspirert av naturlege økosystem – der organismar lever i eit gjensidig fordelaktig samspel

I naturen ser vi døme på symbiotiske forhold som fungerer på liknande vis. Eit godt døme er mykorrhiza, eit samarbeid mellom tre og sopp. Trea gir næring til soppen i form av sukker og karbohydrat. Til gjengjeld hjelper soppen trea med å ta opp viktige næringsstoff frå jorda. Begge partar har fordelar av samarbeidet, og det oppstår ei balansert utveksling av ressursar.

Dette prinsippet kan overførast til industrien. Til dømes kan eit kraftverk og eit drivhus samarbeide ved at overskotsvarmen frå kraftverket blir brukt til å varme opp drivhuset. Dette gir lågare energikostnader for drivhuset og sikrar at varmen ikkje går til spille.

På denne måten blir ressursar sirkulert i systemet, noko som gir både økonomiske og miljømessige fordelar. Industriell symbiose representerer difor ein smartare og meir berekraftig måte å drive industri på – inspirert av naturen sine eigne prinsipp.

Industriell symbiose

Industriell symbiose handlar om at ulike aktørar samarbeider for å utnytte kvarandre sine biprodukt, energi og ressursar på ein måte som gir både økonomiske og miljømessige fordelar. I staden for at sidestraumar går til spille, kan dei brukast som verdifulle ressursar i andre aktørar sine produksjonsprosessar. Dette bidreg til å redusere avfall og uttak av ikkje-fornybare ressursar, i tillegg til å fremje berekraft.

For at industriell symbiose skal fungere, må bedrifter samarbeide tett og ha ein heilskapleg tilnærming til ressursflyt. Ein grunnleggjande idé er at sidestraumar frå éin aktør kan bli ein verdifull innsatsfaktor i ein annan, alt frå energi til råmateriale.

Sosial symbiose

Sosial symbiose handlar om å styrkje samarbeid og relasjonar mellom ulike aktørar for å fremje innovasjon, grøn omstilling og kunnskapsdeling. Medan industriell symbiose byggjer på utveksling av materielle ressursar, byggjer sosial symbiose på menneskelege ressursar, kompetanse og erfaringsutveksling.

Ein sentral strategi innan sosial symbiose er å fremje samarbeid mellom arbeidslivet og utdanningssektoren for å identifisere og møte kompetansebehova i samfunnet. Ved å kartleggje opplæringsbehov på tvers av sektorar og formidle relevante kompetansetiltak, kan aktørar få tilgang til den nødvendige kunnskapen for å møte samfunnsutfordringar. Denne tilnærminga styrkjer næringslivet si evne til å utvikle seg. Gjennom ein heilskapleg tilnærming til kompetanseutvikling og samarbeid, sikrar sosial symbiose at aktørar saman bidreg til ei meir dynamisk og robust berekraftig samfunnsutvikling.

Døme frå verkelegheita

Sotenäs i Sverige er eit godt døme på korleis industriell og sosial symbiose kan skape berekraftige og økonomisk lønsame løysingar. Her har kommunen, saman med aktørar i fiskeri- og havbruksnæringa, utvikla eit samarbeid der biprodukt frå sjømatindustrien blir utnytta på ein innovativ måte. Fiskeslam og anna organisk materiale som tidlegare vart sett på som avfall, blir no brukt til å produsere biogass, som igjen kan nyttast som drivstoff. Bioresten frå biogassproduksjonen blir til biogjødsel for landbruket. Dette er berre ein liten del av det store nettverket av aktørar som bidreg inn i den industrielle og sosiale symbiosen i Sotenäs (Figur 1).

Sotenäs viser korleis lokal samhandling og målretta investeringar i infrastruktur kan bidra til økonomisk vekst på ein berekraftig måte. Dette dømet illustrerer korleis industriell symbiose kan omdanne avfallsstraumar til verdifulle ressursar, medan sosial symbiose styrkjer samarbeid mellom næringsliv og offentleg sektor.

Fordelar med industriell og sosial symbiose

Industriell og sosial symbiose gir store fordelar for miljø, økonomi og samfunn. Betre ressursutnytting reduserer avfall og klimagassutslepp, samstundes som det minkar behovet for uttak av ikkje-fornybare ressursar. Økonomisk kan aktørar redusere kostnader ved å dele ressursar og utnytte kvarandre sine sidestraumar, samstundes som nye inntektsstraumar kan oppstå når det som tidlegare vart sett på som avfall, blir ein verdifull ressurs for andre aktørar.

I tillegg har symbiosen ein sosial dimensjon, der fellesskap og samarbeid mellom ulike aktørar bidreg til auka livskvalitet, nye jobbmoglegheiter og styrkt sosial inkludering. Samarbeid mellom industriar stimulerer også til innovasjon og gir aktørar eit konkurransefortrinn. Teknologiske løysingar blir utvikla for å optimalisere ressursutnyttinga, noko som gjer aktørane meir kostnadseffektive og berekraftige. Deling av kunnskap og kompetanse akselererer innovasjon og forbetrar implementeringa av nye løysingar.

Utfordringar ved industriell og sosial symbiose

Sjølv om symbiosemodellar gir mange fordelar, inneber dei også utfordringar. Ei av dei største er koordinering og logistikk, då effektiv symbiose krev tett samarbeid og ein velfungerande infrastruktur for deling av ressursar. I tillegg kan reguleringar og lovverk, særleg knytt til avfallshandtering og delingsøkonomi, avgrense moglegheitene for industriell symbiose. Kulturelle barrierar kan også vere ei utfordring, ettersom aktørar må vere opne for å tenkje nytt og samarbeide på tvers av sektorar. Dette kan krevje endringar i både bedriftskultur og organisasjonsstruktur for at symbiosen skal lukkast.

Ei anna utfordring er å sikre ein jamn ressursflyt gjennom heile året. Mange biprodukt og sidestraumar varierer i tilgjengelegheit avhengig av sesong og produksjonsnivå. Til dømes kan overskotsvarme vere høgare om sommaren når etterspurnaden etter fjernvarme er låg, medan tilgjengelegheita av biologiske ressursar som fiskeslam varierer i takt med produksjonsvolumet gjennom året. I tillegg kan etterspurnad i marknader påverke tilgangen på sidestraumar, ved at aktørar reduserer produksjonen ved låg etterspurnad. Dette kan skape ustabilitet for aktørane som er avhengige av deira biprodukt. Slike utfordringar krev fleksible løysingar, som moglegheiter for lagring eller samarbeid med alternative aktørar for å sikre stabil og føreseieleg tilgjengelegheit.

Sirkulærøkonomi gjennom industriell og sosial symbiose

I ei verd der ressursmangel og klimaendringar blir stadig meir presserande problem, er industriell symbiose ein viktig strategi for å fremje ei sirkulær økonomi.

Overgangen frå ein lineær økonomi – der ressursar blir utvunne, brukt og kasta – til ein modell der ressursane sirkulerer, krev ei ny måte å tenkje på. Industriell symbiose gir eit konkret rammeverk for korleis aktørar kan samarbeide for å redusere avfall og optimalisere ressursbruk. Samstundes fremjar sosial symbiose samarbeid og fellesskap, noko som styrkjer innovasjon og berekraftige lokalsamfunn. Til saman utgjer industriell og sosial symbiose ein viktig del av overgangen til ei meir berekraftig framtid.

 


Har du spørsmål eller kommentarar til artikkelen? Ta gjerne kontakt!

Ingeborg Skrefsrud

Prosjektleiar sirkulære verdikjeder
+47 480 36 688
E-post

LinkedIn




 

 
Neste
Neste

Ledige stillingar i nettverket