Felles forståing for samarbeid 

Industriell og sosial symbiose handlar om korleis aktørar og samfunn kan samarbeide for å utnytte ressursane smartare, både dei materielle og dei menneskelege. Industriell symbiose går ut på å dele fysiske ressursar mellom ulike aktørar, medan sosial symbiose handlar om samarbeid og kunnskapsdeling for å skape innovasjon og utvikling. Ved først å byggje opp sosial symbiose, legg ein grunnlaget for industriell symbiose. Dette fører til ei meir berekraftig og heilskapleg utvikling som gagnar både økonomien, samfunnet og miljøet.

Torsdag 27. februar arrangerte Hub for Ocean saman med cChange ein workshop for å styrkje samarbeid og sosial symbiose mellom utvalde bedrifter. Målet var å skape ei felles forståing mellom aktørane og utvikle konkrete planar for korleis vi kan jobbe saman for å styrkje sosial symbiose, som kan leggje grunnlaget for industriell symbiose. Til stades var representantar frå 16 ulike aktørar innan fiskeri, havbruk og hydrogenproduksjon.

Gjennom diskusjon og samarbeid skulle aktørane identifisere ein felles samarbeidsmåte med tilhøyrande mål for Symbiose Fjordane. Samstundes skulle dei drøfte kva barrierar som hindrar industriell symbiose, og korleis desse kan overvinnast. Saman skal vi leggje grunnlaget for nye løysingar som kan styrkje både næringslivet og miljøet.

Jeg ble imponert over engasjementet blant aktørene. Vi hadde gode diskusjoner gjennom dagen som la et godt grunnlag for det videre samarbeidet med Symbiose Fjordane. Denne dagen har virkelig gitt meg en motivasjonsboost for det videre arbeidet vi skal gjøre.
— Ingeborg Skrefsrud, prosjektleiar sirkulære verdikjeder, Hub For Ocean

Vil du vite meir om Symbiose Fjordane, ta kontakt!

Stein Kvalsund

COO
+47 976 98 785
E-post

Linkedin

Ingeborg Skrefsrud

Prosjektleiar sirkulære verdikjeder
+47 480 36 688
E-post

LinkedIn

 

Takk til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge for støtte til Symbiose Fjordane.

 
 
Forrige
Forrige

Velkomen som medlem, Fagskulen Vestland

Neste
Neste

Industriell og sosial symbiose