Brødrene Aa skal byggje ny båt til The Fjords

 

Fyrst omtala av Nett.no

The Fjords har bestilt sitt fjerde fartøy av det prisvinnande Seasight-designet frå skipsverftet Brødrene Aa i Nordfjord. Dei tidlegare båtane frå verftet i Hyen har fått stor merksemd, og det nye fartøyet skal vere klart til sommarsesongen 2026.

Båten skal trafikkere Nærøyfjorden saman med søsterfartøya “Future of The Fjords” og “Legacy of The Fjords”.

Vision of the Fjords, foto: Brødrene Aa.

Universell utforming og spektakulært design

Då verftet i Hyen utvikla desse turistbåtane, starta dei med blanke ark. Målet var å skape noko oppsiktsvekkande, med høg komfort og eit design som tok sightseeing-opplevinga til eit nytt nivå. Universell utforming stod sentralt i prosessen.

Fartøya har ein spiralforma konstruksjon der passasjerane kan bevege seg oppover via utandørs gangvegar. På toppdekket får ein panoramautsikt i alle retningar.

Positiv utvikling for verftet

Brødrene Aa har dei siste åra satsa på hurtiggåande karbonfiberbåtar, og etter nokre krevjande år gjekk verftet med overskot i 2023. Ordreboka ser solid ut, men tala for 2024 er ikkje offentleggjorde enno.

Nye eigarar

The Fjords er no heileigd av reiselivskonsernet Norway’s Best Group, etter at dei i fjor kjøpte Havila sin eigardel. Selskapet driv aktivitetar i Geiranger og Oslo i tillegg til Nærøyfjorden.


Har du spørsmål eller kommentarar til saka? Ta gjerne kontakt!

Sarah Sundquist

Trainee innen kommunikasjon og eventkoordinering
+47 458 86 725

E-post
LinkedIn

 
Neste
Neste

Når kommentarfelta formar samfunnet