Brødrene Aa har fått internasjonaliseringspris
Verftet Brødrene Aa er tildelt Vestlands internasjonaliseringspris, Villsauen 2020. Juryen vurderer hjørnesteinsbedrifta i Hyen ledande i utvikling av lettvekt, lavutslepp og utsleppsfrie hurtigbåter.
Om Brødrene Aa
Brødrene Aa vart grunnlagt i 1947 av brødrene Olav Aa og Bertel Aa. Med sine 180 tilsette fra 12 ulike nasjoner og omsetning på 403 millionar kroner er bedrifta ein hjørnestein i lokalsamfunnet. Bedrifta ligg i den vesle bygda Hyen med 600 innbyggarar og har ein ledande industrikompetanse, og representerer ei lang og stolt verftstradisjon i Vestland.
Ledande globalt
Villsauen 2020 vart delt ut av fylkesordbørar i Vestland, Jon Askeland, og administrerande direktør i Bergens Næringsråd, Marit Warncke. Frå venstre: Tor Øyvin Aa (administrerande direktør Brødrene Aa), Marit Warncke og Jon Askeland.
Prisen blei delt ut under Vekstkonferansen som starta tysdag i Bergen. Vestlands internasjonaliseringspris er eit samarbeid mellom Bergen Næringsråd og Vestland fylkeskommune. Formålet er å gi merksemd til innovative verksemder som etablerer seg i utanlandske marknader på permanent basis.
Juryen er imponert over at Verftet kontinuerlig har brukt betydelige ressurser på utvikling og innovasjon, noko som har gjort dei ledande i sitt segment globalt. Norsk verftsindustri opplever sterk internasjonal konkurranse, men juryen meiner at årets Villsau er eit svært god eksempel på ei bedrift som har evna og viljen til å omstille seg til å vere konkurransedyktig.
Dei siste åra har Brødrene Aa fått internasjonal merksemd for skipa “Vision of the Fjords”, som er verdens første hybridskip i hydrokarbon og “Future of the Fjords” som er heilelektrisk.
Kontaktinformasjon:
Brødrene Aa
Tor Øyvind Aa, dagleg leiar.
Epost: tor@braa.no | Mobil: 950 57 187
Jury
Marit Warncke, adm. direktør Bergen Næringsråd
Mobil: 907 65 300
Spørsmål eller kommentarar til saka?