Samla 9. klasse til Jenter og Teknologi-dagen

Tysdag 26. Oktober var det duka for den årlege Jenter og Teknologi-dagen i Florø, der jenter i 9. klasse fekk høyre frå 15 kvinnelige rollemodellar om sin yrkesbakgrunn og arbeidskvardag. Målet er å inspirere til eit mangfaldig arbeidsliv og informere spesielt om yrker som mange kan sjå på som mannsdominerte.

 

Blant yrkene som vart presenterte for elevane var mellom anna røyrleggar, kranførar, prosjektkonsulent, elektrikar og ingeniør. Tekniske fagarbeidarar, ingeniørar og realistar er ettertrakta i marknaden, og dette er fagområde med låg kvinneandel. Målsettinga er å inspirere fleire jenter til å søke realfag og teknisk utdanning, og vise kva moglegheiter som er innan realfag og teknologi. 

 

Guro Dregelid, røyrleggar i Florø Rør, fortel om arbeidskvardagen og korleis dei forskjellige verktøya vert brukt til elevane.

 

 Dagen starta med ein kort presentasjon frå alle rollemodellane om seg sjølv og deira yrkesval. Etter presentasjon var det stand frå dei forskjellige arbeidsplassane, der elevane blant anna fekk vri hjernen sin på hydrogen-verdikjeda, teste ut forskjellige kranmaskiner og høyre meir om kvardagane til dei forskjellige rollemodellane.

Eit poeng som vart gjenteken av fleire av rollemodellane var at det ikkje er slik at ein må vite nøyaktig kva ein skal bli når ein er 15-16 år, men det kan vere lurt å teste ut forskjellige studieretningar for å finne det som passar seg. Yrkesfaga har praktiske timar og utplassering hos bedrifter der det er mogleg å få praktisk erfaring og testa ut yrket medan ein studerar på vidaregåande.

 
 

Jenter og teknologi vert arrangert av Hub for Ocean, Kinn kommune og GCE Ocean Technology og har vore arrangert sidan 2015. Sandra Nekkøy, forretningsutviklar i Hub for Ocean, er den som har vore ansvarlig for planlegging og syns at dagen har vore ein suksess:

 

Eg synest det har gått veldig bra. Elevane har stilt spørsmål og verker interessert. Det viktigaste med heile opplegget for oss er at dei blir opplyst om yrke og utdanningsvegar dei ikkje har tenkt over før.

Sandra Nekkøy, forretningsutvikler i Hub for Ocean.

 

 

Maria Benæs Hunvik

Kommunikasjonsrådgjevar
+47 954 57 606
maria.hunvik(a)hubforocean.no

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Bli med på speed-dating

Neste
Neste

Brødrene Aa har fått internasjonaliseringspris