4 gode grunner til å delta på Nettverkssamling
No er det mindre enn 3 veker til vi møtest på Sandane 26. – 27. oktober! Her er 4 grunner til å delta på Nettverkssamling 2022!
1) Leverandør innan havvind: Equinor, NORWEP, Fjord Base og Wergeland Group fortel om leverandørmoglegheiter innan havvind.
2) Middag på Sølvane Gard: Nye krefter har tatt over garden som har drevet med geitedrift i generasjonar, og no inviterer dei oss på smaksfest i låven. Med lokalprodusert mat på menyen og dyktige kokker på kjøkkenet blir dette ei minnerik oppleving!
Middagen 26. oktober blir i den vakre låven på Sølvane Gard. Foto: Sølvane Gard.
3) Nøkkelpersonar på deltakarlista: Billettane går unna og vi er glade for å sjå deltakarar frå ei rekkje ulike næringar på deltakarlista. Gloppen Hotell er snart fullbooka, så her er det berre å hive seg med!
4) Nettverksbygging til nye høgder: Leirdueskyting, oste- og ølsmaking står på programmet på ettermiddagen 26. oktober! Ha det gøy samtidig som du utvidar nettverket ditt.
Håper å sjå deg på Sandane 26. - 27. oktober!
Hei!
Har du spørsmål eller kommentarar til denne saka? Ta gjerne kontakt.