Sirkulærøkonomi
Kva er sirkulærøkonomi, og kvifor er det viktig?
Dagens samfunn er i stor grad basert på ein lineær økonomi, der ressursar vert henta ut, brukt og deretter vert til avfall. Denne modellen tek lite omsyn til korleis vi kan dele eller nytte restråstoff og biprodukt på nytt i verdikjedene. Dersom vi i staden delte og utnytta slike ressursar betre, kunne vi brukt ressursane våre langt meir effektivt. Lineær økonomi fører til eit høgt uttak av naturressursar, som er drivne av økonomisk vekst og auka etterspurnad etter varer og materiale. Denne modellen fører til sløsing med ressursar, forureining og utslepp, og eit aukande press på naturens tålegrenser. For å møte utfordringane knytt til klimaendringar, tap av biologisk mangfald og avgrensa ressursar, må vi bevege oss over til ein sirkulær økonomi.
Sirkulærøkonomi handlar om å redusere ressursbruken vår, men også å halde ressursane i systemet lengst mogleg ved å reparere, nyttast på nytt samt resirkulere materiale og produkt. Målet er at ressursane skal haldast i omløp og ikkje ende som avfall. Dette reduserer behovet for uttak av nye råvarer, meir effektiv bruk av energi, minimerer avfall og kuttar utslepp. Ein slik omstilling inneber ein grunnleggande endring i korleis vi produserer og forbruker varer.
Grøn og blå sirkulærøkonomi
I overgangen til ein sirkulær økonomi er det viktig å inkludere både grøn og blå næring. Grøn økonomi handlar om å utnytte ressursane frå land, som til dømes mat, trevirke og plantar, på ein berekraftig måte. For eksempel kan matavfall og planterestar brukast som kompost eller biogass, medan restprodukt frå skogbruk kan til dømes nyttast til emballasje, klede eller biobrensel.
Den blå økonomien fokuserer på ressursane frå havet, alt frå fisk og skaldyr til tang og tare. Her er det avgjerande å utnytte alle delar av fangsten og sjå på avfall som ein verdifull ressurs. Restråstoff frå fiskeindustrien, som bein og skinn, kan brukast som ingrediensar i dyrefôr, kosttilskot eller medisinske produkt. På same måte kan avfall frå havbruk, som fiskeslam, nyttast til for eksempel biogass, eller gjødsel som kan brukast i landbruket.
Ved å sjå den grøne og blå økonomien i samanheng, kan vi skapa eit heilskapleg system der ressursar utnyttast effektivt på tvers av sektorar. Dette krev samarbeid mellom aktørar i ulike næringar og innovative løysingar for å utnytte restråstoff betre.
Kva må næringar og myndigheiter gjere?
For at sirkulærøkonomi skal bli ein realitet, må både næringar og myndigheiter ta eit større ansvar. Myndigheitene må legge til rette for samarbeid på tvers av sektorar ved å utvikle lover og reglar som fremjar gjenbruk og resirkulering. Dette kan inkludere krav om auka utnytting av restråstoff, reduserte avfallsmengder og støtteordningar for bedrifter som investerer i sirkulære løysingar.
Næringslivet må etablere verdikjeder som gjer det praktisk og lønsamt å bruke restråstoff og biprodukt på nytt. Dette kan innebere betre samarbeid og logistikkløysingar, men også investering i ny innovativ teknologi. Teknologi som kan bidra til å handtere restråstoff og redusere avfall.
For å sikre framgang må vi også kunne måle kor effektive vi er i ressursutnyttinga. Måling av sirkularitet er avgjerande for å forstå kor godt vi lykkast med å halde ressursane i omløp og redusere avfall.
Døme på sirkulærøkonomi i praksis
I Noreg produserer vi brunost laga på myse, eit biprodukt frå osteproduksjon. Ved å bruke myse til å lage brunost, utnyttast eit restprodukt som elles kunne blitt sett på som eit avfall. Den Magiske Fabrikken i Vestfold er eit anna døme på sirkulærøkonomi i praksis, der dei gjenvinn matavfall og husdyrgjødsel til biogass, biogjødsel og grøn CO2. Biogass erstattar bruken av fossilt drivstoff i køyretøy, og biogjødsel og grøn CO2 blir brukt til ny matproduksjon. Eit anna døme er samarbeidet mellom Bioretur og Terramarine AS, der Bioretur behandlar fiskeslam, eit restråstoff frå havbruket, og Terramarine bruker tørka fiskeslam som ein råvare i gjødselprodukt som blir levert til landbruket i Sør-Aust Asia. Det finst mange døme på korleis vi kan utnytte ressursar meir effektivt og redusere miljøpåverknaden samtidig som vi skaper økonomisk verdi. Likevel har ikkje alle kome like langt, og mykje er framleis på forskingsstadiet.
Det kjem stadig nye krav til behandling av restråstoff, som for eksempel å redusere utslepp til naturen gjennom oppsamling og reinsing. Dette inneber auka kostnader for næringane. Men ved å finne gode løysingar kan dei ikkje berre oppfylle krava, men også skape nye inntektskjelder ved å nytte restråstoff til verdifulle produkt.
Korleis Hub for Ocean jobbar med sirkulærøkonomi
Hub for Ocean (HfO) har lenge vore engasjert i arbeidet med å fremje overgangen frå ei lineær til ei sirkulær økonomi. I 2018 etablerte HfO eit program for sirkulærøkonomisk næringsutvikling - Symbiose Fjordane. I samarbeid med privat og offentleg sektor, forskings- og utviklingsmiljø (FoU) og verkemiddelapparatet, skal programmet danne robuste partnarskap og nettverk for utvikling av sirkulære verdikjeder og industrielle symbiosar. Målet er å etablere sirkulære verdikjeder for restråstoff i regionen og legge til rette for etablering av industriell symbiose.
Eit av prosjekta under Symbiose Fjordane er "Blått avfall, grøn ressurs", som har som mål å etablere ei sirkulær verdikjede for restråstoffet fiskeslam. Dette inneber å finne berekraftige løysingar samt god ressursutnytting for å sirkulere verdifulle ressursar som fosfor og nitrogen. Eit anna prosjekt under Symbiose Fjordane er eit forprosjekt på bruk av restråstoff, oksygen og restvarme, frå hydrogenproduksjon som kan danne grunnlag for vidare etablering av ein industriell symbiose. I tillegg har HfO no etablert eit tett samarbeid med Måløy Vekst der vi skal sjå på moglegheitene for korleis nytte restråstoff både frå i fiskeri- og havbruksnæringa.
Gjennom desse satsingane bidreg Hub for Ocean til utviklinga av sirkulærøkonomi i regionen ved å legge til rette for at restråstoff frå ei verksemd kan bli ein ressurs for ein annan, og på den måten styrke berekrafta i industrien. Hub for Ocean arbeidet kontinuerleg med å utvikle og realisere nye idear, satsingar og prosjekter under programmet Symbiose Fjordane.
Sirkulærøkonomi som samfunnsansvar
Sirkulærøkonomi er ikkje berre ein miljøstrategi, men ein føresetnad for eit berekraftig samfunn. Overgangen krev målretta innsats frå både næringar og myndigheiter. Ved å utvikle innovative løysingar, legge til rette for samarbeid på tvers av sektorar og sjå på avfall som ein ressurs, kan vi skape ein økonomi som styrker naturen og sikrar berekraftig verdiskaping for framtidige generasjonar.