Havrom 2050
Eit Hub for Ocean program for å bistå den maritime industrien i overgangen til ei berekraftig framtid
Vi har blitt nerder på berekraft og no ønsker vi å dele vår kunnskap om korleis di verksemd kan gripe moglegheitane som kjem med det grønne skiftet.
Ressurspakke - Bærekraftskunnskapen som trengs for å sikre konkurransedyktigheit i åra framover
Hub for Ocean har utvikla en ressurspakke med formål om å hjelpe medlemma med å gjere dei nødvendige endringane i verksemda di i dag og for å sikre konkurransedyktigheita i åra framover
Ressurspakken forklarer kvifor næringslivet må omstille seg no, og korleis du kan gjere det.
Ressurspakken din kan du finne i vårt medlemsområde.
Berekraftsrettleiar for arrangement - styrk dei positive effektane av ditt arrangement
Målet med denne rettleiaren er å gjere arrangementa i organisasjonane meir berekraftige. Ambisjonen er å fjerne dei negative konsekvensane av arrangementa, og samtidig forsterke dei positive effektane.
Følgjer du denne rettleiaren betyr ikkje det at arrangementet vil vere 100% berekraftig på alle måter, men at du jobbar systematisk og målretta med å forbetre.
Berekraftsrettleiar for arrangement finn du på medlemsområdet.
Workshop - ein gjennomgang av det som må til for å bli best på berekraftig business!
Ein «workshop» er ei samling der deltakarar samarbeider rundt eit tema over nokon timar eller dagar. Målet er å få fram nye idear som kan føre til aksjonar etter at samlinga er ferdig.
I ein Havrom 2050 workshop vil Hub for Ocean lede deltakarane gjennom berekraftstemaene under. Vil du ha ein workshop, ein serie med workshoper eller berre ein open prat om berekraft i di bedrift?
Valget er ditt. Vi skreddersyr tilbudet til ditt behov.